MÃ¥tte vike for seismikk
Linefartyet Vestfisk måtte i helga vike for seismikkskipet Ramford
Vanguard, som starta seismikkskyting på Gamlembanken sørvest av Røst, der Vestfisk dreiv aktivt fiske. Kapteinen på seismikkskipet nekta halde ein avstand til fiskeriaktiviteten på 18 nautiske mil, som styresmaktene oppmodar til. No kan forholdet bli meldt til politiet.
Det var laurdag 7. juli Ramford Vangard informerte Vestfisk om at dei skulle skyte 3D-seismikk (mykje kraftigare enn 2D-seismikk) i området. Skipper Geir Borgundvåg på Vestfisk protesterte både til den fiskerikyndige om bord i seismikkfartyet og til Kystvakta. Via den fiskerikyndige om bord fekk Borgundvåg vite at skytinga ville starte med ein avstand på seks nautiske mil til fiskeriaktiviteten. Borgundvåg blei bedt om å godta dette, noko han ikkje gjorde.
Etter ein dag med seismikkskyting gjekk fisket ned med 30-50%, og Vestfisk såg ikkje anna utveg enn å forlate det beste fiskefeltet og flytte nordover.
Fiskebåt har tatt opp saka skriftleg med Oljedirektoratet, og skriv at saka kan bli meldt til politiet på vegne av farty og reiarlag. Fiskebåt stiller seg sterkt tvilande til om Ramford Vanguard i dette tilfellet heldt seg til gjeldande lover og reglar.
Fiskebåt stiller to konkrete spørsmål til Oljedirektoratet:
-Skal ikkje seismisk aktivitet stansast eller ikkje settast i gang, dersom det enten går føre seg eller kjem i gang aktivt fiske i innsamlingsområdet?
-Skal ikkje seismisk farty vike for fiskefarty med reiskap i sjøen , eller som i dette tilfellet fastståande reiskap som vil bli øydelagt saman med fangst?

| Ramford Vanguard |

| Vestfisk er eit av fartya til Ervik Havfiske. |
NYHETER

17.DES 2012
Alle fem medlemslaga som har behandla spørsmålet om færre medlemslag i Fiskebåt støttar framlegget om tre.
Les heile sakaNYTT OG AKTUELT

17.DES 2012
Fiskebåt har frå i dag ny design på nettsidene. Samstundes lanserer Fiskebåt ein spesialtilpassa versjon for smarttelefonar og lesebrett.
Les heile sakaREGULERING

17.DES 2012
Øyepålbestanden hadde svært sterk rekruttering i 2012, og etter råd fra ICES er det åpnet for fiske fra 1. mars til og med 30. september 2013. Den norske kvoten er foreløpig satt til 100.000 tonn.
Les hele sakenREGULERING

17.DES 2012
Oversikt over reguleringer for 2013 samles på nettsidene til Fiskeri- og kystdepartementet.
Les hele sakenINTERNASJONALT

17.DES 2012
Kvotenivået fra 2012 blir stort sett videreført, men Norges kvote for pelagisk uer økes med 300 tonn. Tilsvarende økes Grønlands torskekvote med 300 tonn.
Les hele sakenREGULERING

12.DES 2012
Fiskeri- og kystdepartementet har vedtatt regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn neste år.
Les heile saka