-Svært positiv torskeauke
-Det er svært positivt med ein auke i kvoten på nordaustarktisk torsk neste år på 25%. Kvoterådet på 940.000 tonn torsk viser at torskebestanden i Barentshavet er rekordstor. Utan regelen i forvaltingsplanen som avgrensar kvoteauke og –nedgang ville neste års torskekvote ha vore på nesten 1,2 millionar tonn, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.
Han kjem med kommentaren i samband med at ICES- Det internasjonale havforskingsrådet- i dag offentleggjer kvoteråda for nordaustarktisk torsk, sei og hyse.
-Rådet viser også at ICES ikkje burde nedjustert bestandsanslaget for 2012, og at vi faktisk tar ut for lite torsk i år, uttaler Roaldsnes.
-Nedgangen i hysekvoten på 25% prosent – frå 318.000 tonn til 240.000 tonn-heng blant anna saman med at den rekordstore torskebestanden beitar på hyse, seier Roaldsnes.
Han er konstaterer at kvotane for blåkveite (under 15.000 tonn) og nordaustarktisk sei (164.000 tonn) er på same nivå som i år.
-Det er svært gledeleg at vi neste år får ein kvote på snabeluer på 47.000 tonn, inkludert fisket i internasjonale farvatn i Norskehavet. Snabelueeren er ein norsk bestand og her bør det neste år vere grunnlag for ein kvote til norske fiskarar på 35.000-40.000 tonn. For inneverande år gjekk kvoterådet ut på null-uttak, seier Roaldsnes.

| Styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt. |
NYHETER

17.DES 2012
Alle fem medlemslaga som har behandla spørsmålet om færre medlemslag i Fiskebåt støttar framlegget om tre.
Les heile sakaNYTT OG AKTUELT

17.DES 2012
Fiskebåt har frå i dag ny design på nettsidene. Samstundes lanserer Fiskebåt ein spesialtilpassa versjon for smarttelefonar og lesebrett.
Les heile sakaREGULERING

17.DES 2012
Øyepålbestanden hadde svært sterk rekruttering i 2012, og etter råd fra ICES er det åpnet for fiske fra 1. mars til og med 30. september 2013. Den norske kvoten er foreløpig satt til 100.000 tonn.
Les hele sakenREGULERING

17.DES 2012
Oversikt over reguleringer for 2013 samles på nettsidene til Fiskeri- og kystdepartementet.
Les hele sakenINTERNASJONALT

17.DES 2012
Kvotenivået fra 2012 blir stort sett videreført, men Norges kvote for pelagisk uer økes med 300 tonn. Tilsvarende økes Grønlands torskekvote med 300 tonn.
Les hele sakenREGULERING

12.DES 2012
Fiskeri- og kystdepartementet har vedtatt regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn neste år.
Les heile saka