Samba og fiskeripolitisk debatt
Under Den Norske Matfestivalen i Ålesund er det blitt tradisjon med sambaopptog og fiskeripolitisk debatt. Slik også i år, der brasilianske kvinner på Sunnmøre leia an i sambaopptog til SUROFI-teltet, der det var fiskeripolitisk duell mellom Arbeidarpartiet og Høgre.
Arrangementet er eit samarbeid mellom SUROFI (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag), Møre og Romsdal Fiskarlag og Aalesunds Rederiforening.
Sambaopptoget har sin bakgrunn i klippfiskeksporten frå Ålesund til sambanasjonen Brasil.
BILDESERIAR

14.FEB 2011
Den tidlegare fiskerihamna Færingehavn på Grønland, som lenge var viktig for norske fiskarar, har vore i forfall i mange år. Torita fiskar torsk, kveite og blåkveite i grønlandske farvatn og frå eigar Kjell Lorgen har vi fått ein bildeserie frå dagens Færingehavn.
Les hele sakenBILDESERIAR

01.SEP 2009
Den Norske Matfestivalen i Ålesund sist veke hadde eit sterkt sjømat- og fiskeripreg. I tillegg til all god sjømat som blei presentert baud festivalen blant anna på aktuelt fiskeriseminar, Fiskeflåtens Ungdomsmønstring, Fiskesprell for dei minste og populært sambaopptog (bildet), for å markere dei nære klippfiskbanda mellom Ålesund og Brasil.
Les hele sakenBILDESERIAR

12.FEB 2008
Forbodet mot sildefiske på dagtid, mellom klokka 8 og 17, gjorde at det 12. februar var tett med båtar i hamn i Ålesund. Kyst og hav, norske og utanlandske- alle må vente til mørkret fell på og silda oppfører seg annleis enn på dagtid. I mørket spreier silda seg meir og det blir dermed mindre fare for notsprenging og fiskedød.
Les hele sakenBILDESERIAR

01.FEB 2008
Representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund blei halde i Ålesund, 30. og 31. januar 2008. Sentrale emne var miljøspørsmål i vid forstand og følgjene varsla klimaendringar kjem til å få for fiskeria.
Les hele sakenBILDESERIAR

03.SEP 2007
Under Den Norske Matfestivalen i Ålesund er det blitt tradisjon med sambaopptog og fiskeripolitisk debatt. Slik også i år, der brasilianske kvinner på Sunnmøre leia an i sambaopptog til SUROFI-teltet, der det var fiskeripolitisk duell mellom Arbeidarpartiet og Høgre.
Les hele sakenBILDESERIAR

11.JUN 2007
Generalforsamlinga i Norsk Trålforening (tidlegare: Norske Trålerrederiers Forening) gjekk i år føre seg ombord i konferansebåten "Fjord Aalesund". Turen gjekk frå Ålesund til Øye i vakre Hjørundfjorden. Etter lunsj på det historiske Hotel Union på Øye gjekk turen tilbake til Jugendbyen i strålande sommarver.
Les hele saken