This is some text inside of a div block.

50 millionar kroner som skal gå til forsking og kunnskapsinnhenting i samband med korleis havvind virkar inn på naturen, står ubrukt. Svært uheldig meiner Fiskebåt.


Dei ubrukte midlane blei lagt inn i Energidepartementet sitt budsjett for 2024, og kom til gjennom budsjettforhandlingane med SV i desember. No står dei oppført under posten; «Naturkartlegging havvind».

- Vi blei først kjent med dette for kort tid sidan, men det er klart det er svært uheldig at desse pengane ikkje er tatt i bruk. Vi er allereie i mai månad, og for mange viktige prosjekt og tiltak er det allereie for seint. Vi har ikkje tid til å utsette denne kunnskapsinnhentinga til neste år, seier Hanna Bauge, rådgivar i Fiskebåt.

__wf_reserved_inherit
Hanna Bauge, rådgivar i Fiskebåt.

Har bedt om forslag

Energidepartementet har tidlegare i vår sendt ei bestilling til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å komme med konkrete forslag om korleis desse pengane kan brukast.

Sist veke var Fiskebåt saman med Fiskarlaget, Offshore Norge og Fornybar Norge i møtet med NVE om dette.

-NVE ønska innspel rundt kva vi frå fiskerisida meiner er viktig å prioritere først. Dette gjaldt både desse 50 millionane, men også forslag til eventuelle tilleggsutgreiingar i samband med konsekvensutgreiingane for dei 20 områda, som NVE har foreslått for vidare utgreiing for havvind, seier Bauge.

Det er særleg fokus på områda som er planlagt opna i 2025, som er ei utviding av Sørlige Nordsjø II (Sørvind F) og Utsira Nord (Vestavind F) og Vestavind B ved Trollfeltet utafor Mongstad. Vidare også behovet for utgreiing for neste runde i 2027, der Stortinget og regjeringa har bedt om eit område i nord.

Fiskebåt har sendt brev til Energidepartementet om saka, som du kan lese her.

Innspel frå Fiskebåt og Fiskarlaget

Fiskebåt har saman med Fiskarlaget kome med konkrete innspel til korleis dei avsette midlane kan brukast i år, og forventar at det blir sett av minst like mykje i neste års budsjett.

- Det hastar med å kome i gang med å hente inn kunnskap om moglege konsekvensar frå havvind på økosystema og bestandane våre. Vi har difor ikkje tid til å utsette denne kunnskapsinnhentinga til neste år, seier Bauge.


Her er Fiskebåt og Fiskarlaget sitt forslag til korleis dei 50 millionane kan brukast;

- WindSys – prosjekt gjennom Forskningsrådet / HI.
- Fiskeritokt i Sørlige Nordsjø II (fase I) / HI.
- Generell forskning på økosystem/bestander, med et særlig fokus på arten tobis.
- Forarbeid/forberedelse av studie om elektromagnetisme og påvirkning på larvestadiet hos forskjellige fiskearter.
- Overvåking av sjøpattedyr / HI.
- Digitaliseringsstrategi mellom Havforskningsinstituttet, Norges geologiske undersøkelse og Kartverket.
- Dybdekartlegging gjennom Mareano.
- Oppstart av detaljert kartlegging av sjøbunn/sediment/tobis områder med AUV, sammenstilt med biologiske data og fangstdata.
- Etablere en ny utlysning gjennom Forskningsrådet som går på forskning relatert til havvind og påvirkning på bestander/økosystemer i Nordsjøen – hvor utlysning og tildeling skjer ila. 2024 med binding av resterende midler til slikt prosjekt gjennom det neste eller de neste årene.

Nyheter