This is some text inside of a div block.

Havforskningsinstituttet gir råd om når og kvar ein bør drive med seismikk med omsyn til fiskeri og korleis sjøpattedyr blir forstyrra av seismikk aktivitet. No vil forskarane undersøke nærare fiskarane sine perspektiv på utfordringene med seismikk. Dette skriv Havforskningsinstituttet på si nettside.

– Vi veit at arealkonflikt kan oppstå mellom fiskeri og seismikk. Seismikkskipet legg beslag på store område, fordi dei har stort slep og stor svingradius. Dermed hindrar dei i praksis fiskarane samstundes, seier havforskar Lise Doksæter Sivle. 
 
Det kan også vere eit problem for fiskeria at støyen frå seismikk får fisk til å endre åtferd, og med det blir den vanskelegare å fanga, sier Sivle.

Eit forsøk i 2009 viste at kveitefangsten på garn gjekk opp, men ned på line – når ein prøvde fiska samtidig med ei seismikkundersøking. 
 
– I dette prosjektet byrjar vi med å samle inn informasjon frå ei rekke ulike kjelder. Mellom anna skal vi gå igjennom rapportar frå dei fiskerikyndige om bord på seismikkfartøya og innsendte søknadar om tapt inntekt frå fiskeria, sier Sivle. 

Målet er å finne ut i kva slags område det har blitt rapportert inn interessekonfliktar, med kva for slags type fiskeri og reiskap.  Vidare vil havforskarane gjennomføre ei spørjeundersøking med fiskarar frå heile kysten, for å hente inn erfaringane dei har gjort seg med å fiska i område med seismikk.

I tillegg til spørjeundersøkinga, som går ut til svært mange fiskarar, vil forskarane også intervjue fiskarar som driv fiskeri i områda der det er mest problematisk.

Les heile saka med meir info. om undersøkinga her.

Nyheter
No items found.