Om Fiskebåt

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den større kyst- og havgåande fiskeflåten i Norge, og representerer majoriteten av fiskefartøya i desse gruppene.

Organisasjonen blei stifta i 1946 under namnet Fiskebåtredernes Forbund. I 2013 blei namnet endra til Fiskebåt. Fiskebåt består av tre regionlag, Fiskebåt Nord, Fiskebåt Vest og Fiskebåt Sør.

Arbeidsområde

Fiskebåt arbeider for å ivareta fiskarane sine interesser innafor fleire område både nasjonalt og globalt. Praktisk talt alle fiskeslag vi fiskar på, blir forvalta saman med andre nasjonar. Vi brukar difor mykje tid på følgande område;

- Avtalar med andre land om reguleringar og fiske i internasjonalt farvatn.
- Nasjonale reguleringar av fisket.
- Næringsøkonomiske saker (skattar og avgifter osv.)
- Rekruttering til yrka innan den havgåande fiskeflåten
- Fornying av fiskeflåten
- Forsking- og utvikling av næringa
- Tarifforhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane (Norsk Sjømannsforbund, Det norske maskinistforbund og Norsk Sjøoffisersforbund)
- Yte hjelp til medlemmane i enkeltsaker, både næringspolitisk og som arbeidsgivar.
‍

Den større kyst- og havgåande fiskeflåten

Dei viktigaste medlemsgruppene i Fiskebåt er stor kyst, ringnotfartøy, sei- og torsketrålarar, garn- og linefartøy, reketrålarar og pelagiske trålarar. I Norge er det om lag 10 000 personar som hentar hovudinntekta si frå fiske. Av desse arbeider over 4000 om bord i Fiskebåt sine medlemsfartøy. Denne delen av fiskeflåten står for vel 70 prosent av førstehandsverdien av fangstar som norske fiskefartøy bringer på land.

Sjå meir informasjon på vår kampanjeside

Store ringverknader

Få næringer har vokse meir enn sjømatnæringa dei siste ti-åra. Verdiskapinga i sjømatnæringa er mangedobla dei siste åra. Det kjem fram i den årlege ringverknadsnalysen til Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering, FHF.

Den større kyst- og havgåande fiskeflåten skapar verdiar for 32,8 milliardar kroner kvart år og sørger for sysselsetting av 21 000 årsverk. Driftsmarginen i flåten har auka med 5-6 prosent årleg på starten av 1980-talet til eit gjennomsnitt på rundt 20 prosent dei siste åra. Det kjem fram i Rapporten frå SINTEF- Ocean.


SINTEF-rapport: Økonomisk betydning av norsk havgående fiskeflåte

Kvoteregulert fiske

Så godt som alle fiskeslag som blir beskatta av den norske fiskeflåten er regulert ved kvotar. I tillegg er fangstkapasiteten styrt gjennom konsesjonssystemet og adgangsreguleringer. Kvotane blir fastsette etter råd frå havforskarane, og Kystvakta kontrollerer at fisket følgjer gjeldande lovverk

Bli med Kystvakta på inspeksjon om bord i eit norsk fiskefartøy (video).

Kystvakta inspiserer norske fiskefartøy så ofte dei kan.

Du kan lese mer om de forskjellige fiskeartene her

Kvoteregulert fiske

Heilårsdrift

Den større kyst- og havgåande flåten driv fiske heile året, noko som inneber at aktiviteten blir fordelt utover året, med sikte på å halde fartøya i drift så mange dagar som kvotane gir rom for. Den større fiskeflåten er ikkje prisgitt korleis fisken vandrar i same grad som den mindre kystflåten. Mange fiskeslag vandrar heller ikkje inn til kysten for å gyte, slik at den mindre kystflåten kan fiske den.

Den større kyst- og havgåande fiskeflåten er dermed garantist for å sikre den norske foredlingsindustrien stabil og kontinuerleg tilførsel av råstoff. Dei fleste av mannskapa i desse flåtegruppene er busette i distrikts-Norge, og er på den måten viktige bidragsytarar til å sikre busetting og sysselsetting langs heile norskekysten.

Høgteknologisk flåte

Den norske fiskeflåten er blant verdas fremste innan fiskeriteknologi og fartøyutforming. Denne utviklinga har skjedd i nært samarbeid mellom reiarlaga, skipskonsulentane, utstyrsleverandørane og verftsindustrien. I kraft av si rolle som krevande kunde har reiarane medverka til å bringe den norske maritime industrien opp i eliteserien. Utan ei vidare fornying og utvikling av den norske fiskeflåten, vil norsk maritim industri miste eit av sine viktigaste konkurransefortrinn.

Opererer i mange område

Den større kyst- og den havgåande fiskeflåten fiskar i alle delar av den norske økonomiske sonen, i Jan Mayen sonen, rundt Svalbard, i russisk sone, ved Island, Grønland, i EU-sona og Færøyane si økonomiske sone og i øvrige delar av Nordsjøen, i tillegg til internasjonale havområde i Norskehavet, midt-Atlanterhavet og det nordvestlege Atlanterhav. Alt fiske er regulert gjennom internasjonale avtalar.

Gjennom sin mobilitet og fangstevne skaffar fiskeflåten råstoffverdiar til Norge for milliardverdiar årleg, og legg grunnlaget for fleirdobla verdiskaping gjennom foredling og eksport. Den større kyst- og havgåande fiskeflåten er ryggraden i norsk fiskerinæring, og har evne til å auke Norge si avkastning av fiskeria ytterlegare.