Miljøengasjement

Visjonen til Fiskebåt forpliktar organisasjonen til å ha eit langsiktig perspektiv på alt vi driv med. Globale miljøutfordringar som forureining av havet, plastproblemtatikken og klimaendringar, er saker som det blir jobba kontinuerleg med.

Viktige miljøsaker

I 2017 blei det, etter initiativ frå Fiskeflåten, utarbeida eit klimaveikart for fiskeflåten. Norge har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å redusere dei nasjonale klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005. Fiskeflåten skal ta sin del av dette, og har allereie gode resultat å vise til.

Som ei forlenging av klimaveikartet, er Fiskebåt partnar i Grønt Skipsfartsprogram, der det blir jobba med tiltak som er med å utvikle ein meir energieffektiv fiskeflåte. I rapporten Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten, blir det vist til fleire tiltak som kan vere med å redusere utslepp av klimagassar ytterlegare. Fiskebåt er også tilknytta Næringslivets NOx-fond. Fondet er eit spleiselag der bedriftene som er med kan søke om støtte til tiltak for å redusere utslepp.

Meir om Grønt Skipsfartsprogram

Grønt Skipsfartsprogram er eit samarbeid mellom næringsaktørar og norske styresmakter der målet er å lage skalerbare løysingar for effektiv og miljøvenleg skipsfart. Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon har ambisjon om å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten med minst 40 prosent i perioden 2005 til 2030.