This is some text inside of a div block.

- I år var det ingen problem å ta ut kvota på 11 000 dyr. Tvert om, så kunne vi nok tatt ut langt meir, seier Signe Korneliussen som er dagleg leiar i Lance AS, som eig og driftar selfangstfartøyet Lance.

Ifølge Korneliussen har dei erfarne selfangarane observert svært mykje sel i år, og langt meir enn dei har gjort på svært lenge.

- Våre folk seier dei ikkje har sett så mange dyr på minst 30 år i Vestisen. Så det er nok ikkje heilt samsvar mellom deira observasjonar og det havforskarane hevdar, seier Korneliussen.

 

Aukande etterspurnad

Minst like viktig som at bestanden er stor er at det også er aukande etterspurnad etter produkta. Særleg selolje har hatt ein oppsving og har etter kvart blitt eit ettertrakta produkt. Mykje av dette går til den farmasøytiske industrien som brukar oljen til blant anna å kapsle inn tablettar.

 

Heller innovasjonsstønad

- Vi har investert i utstyr slik at vi kan skille ut oljen om bord i fartøyet. Dette er råolje som går vidare til raffinering og edlare produkt og her ligg eit potensiale for ytterlegare verdiskaping, fortel Korneliussen.

I år blei det gitt 2,5 millionar kroner i offentleg stønad som dei som driv selfangst kunne søke på. Tilskotet går til reiarlag eller mottak, og målet er at tilskotet skal føre til å skape størst mogleg verdiar basert på råstoff frå sel.

Ifølge Korneliussen ville det vore betre om desse midlane var meir direkte retta mot å utvikle nye produkt.

- Det er mange spennande prosjekt på gang der ein ser på korleis vi kan få meirverdi ut av fangsten. Selkjøt er til dømes rikt på jern, og med tanke på at jernmangel er eit stort helseproblem i mange fattige land er det noko som kan vere interessant å gå vidare med, seier Korneliussen.

Nyheter
No items found.