Fiskerinæringa vil også i år få ein sentral plass under Arendalsuka, der vi er medarrangør på to arrangement og deltar på ei rekke andre.
Arendalsuka er Norges politiske festival. I fjor var det over 2000 forskjellige arrangement, og nærare 200 000 menneske var innom i løpet av dei fem dagane Arendalsuka varer.
Les meir om Arendalsuka her.
I år det først og fremst onsdag 13. august som er dagen då fiskeri er på dagsorden. For vår del startar det med eit felles arrangement klokka 11:00, der Fiskebåt, Norges Fiskarlag og Sør Norges Fiskarlag set matvareberedskap på dagsorden med Fiskeflåtens rolle i totalberedskapen, og vidare Fiskerienes plass på havet - balansen mellom næring og vern.
Klokka 13:00 er Fiskebåt med på eit felles arrangement om bord i seglskuta Christian Radich saman med dei andre sjømatorganisasjonane. Her er temaet Hvordan få nordmenn til å spise mer sjømat.
Her kjem blant andre landslagssjef Ståle Solbakken for å fortelje litt om kva våre beste fotballspelarar har på menyen. I tillegg kjem blant andre toppleiinga i Rema 1000 og i hotellkjeda Strawberry.