This is some text inside of a div block.

- Blue Fish er ein arena for og med fiskerinæringa, og er bygd på dei lange tradisjonane som byen og regionen har når det gjeld fiskeri og tilknytta næringar. Difor vil vi synleggjere dette med å samle mest mogleg fiskebåtar i Ålesund sentrum, seier ein av initiativtakarane Geir Østensen.

Dei har reservert helikopter som er klar til å ta bilde av Ålesund med fullt av fiskebåtar.

- Messa opnar på tysdag, så det er nok den dagen som er mest aktuell med tanke på fotografering, seier Østensen.

BlueFish blei arrangert første gong i 2017 og i år blir messa arrangert i tida 3. til 5. september i Sparebanken Møre Arena, der det også vil vere ei rekke seminar og konferansar i tilknytting til messa.

Nyheter
No items found.