This is some text inside of a div block.

Forskarar og fiskarar har klart å fange makrellstørje levande og frakte den til land for slakting. Dette gir betre dyrevelferd, betre kjøtkvalitet og meir forutsigbar levering.

I år har forskarar frå Havforskingsinstituttet i lag med fiskarar på Vestbris, klart å fange makrellstørjer levende, og taue dei til land i ei transportmerd, for deretter å bli slakta på ein human måte.

Prosjektleiar Odd Børre Humborstad ved Havforskingsinstituttet, seier at det er første gong at dette har blitt gjort under norske forhold, og tilpassa norsk regelverk og krav til HMS.

Ifølge Humborstad fungerte avlivingsprosessen smidig og størjene var rolege i nota. Han viser til at i Middelhavet kan størjene stå i merd i månadsvis før dei blir slakta.

Førebels er dette eit pilotprosjekt, og ein eventuell bruk i kommersielt fiske må først godkjennast av tunfiskkommisjonen ICCAT.  

‍Her kan du lese meir om saka og sjå video.‍

Desse er med i det norske pilotprosjektet

- Havforskingsinstituttet
- Fiskeridirektoratet
- Fiskebåten Vestbris
- Børsemakar Helland AS
- Det polytekniske universitetet i Valencia (UPV)

Havforskingsinstituttet skriv dette om prosjektet på si heimeside

* Målet med prosjektet er betre dyrevelferd, kjøtkvalitet og meir forutsigbar levering. 
* Ved vanleg notfiske døyr makrellstørja i nota før den takast om bord. Ved store fangstar kan det i tillegg ta lang tid før all fisken blir bløgg og nedkjølt, noko som kan gi dårlegare kjøtkvalitet.
* Store mengder fisk på marknaden på kort tid kan føre til låge prisar, medan avgrensa mottakskapasitet gjer det vanskeleg å handtere store leveransar.
* I Middelhavet blir det drive med langtidslagring og oppfôring av makrellstørje i forskjellige storleikar. Der er det er eit storskala makrellstørjefiske med spesialiserte tunfiskflåtar og store fangstar.
* I Norge er det få fartøy og mindre fangstar, men store fiskar på beitevandring. Fiskeriet foregår om hausten, og er veldig verutsett. Sesongen fell saman med andre viktige fiskeri, som bidrar til lav deltaking og at kvotene ikkje blir tatt. 
* Norge fekk i 2022 gjennomslag i forvaltningsorganisasjonen ICCAT for eit tidsavgrensa pilotprosjekt med levandelagring i inntil tre månader, utan oppfôring.
* I piloten skal forskarane undersøke fisken si åtferd og velferd, fangst, registrering av fiskane, dødeligheit, lagring og fôring, kontrollert avliving, kjøttkvalitet og marknad. Prosjektet er underlagt omfattande krav til kontroll, sporbarheit og rapportering. 
* Resultata skal bidra til utviklinga av eit regelverk tilpassa norske forhold.

‍

Nyheter