This is some text inside of a div block.

Fiskeri- og sjømatministeren vil blant anna møte sin britiske kollega George Eustice for å diskutere korleis brexit vil påvirke forvaltning av fisk og handel med sjømat.

– Vi nærmar oss datoen for at britane går ut av EU. Difor må vi førebu oss på perioden etter brexit slik at handelen kan halde fram som i dag, og at vi har same tilgang til den britiske marknaden for sjømat som i dag, seier Nesvik.

 

Stor interesse

Onsdag arrangerer Norges sjømatråd sin årlege UK Norwegian Seafood Summit i London. Også der blir brexit eit tema, med fleire aktuelle innleiarar. Det er stor interesse for seminaret som nærmar seg 200 påmeldte deltakarar, og blir arrangert dagen før den store Fish & Chips-awardsen.

 

Viktig marknad

Storbritannia er ein viktig marknad for norsk fisk. I fjor blei det eksporterte sjømat for over seks milliardar kroner, som er ein auke på tre prosent frå 2018. 

- Dette er den høgaste årlige eksportverdien til den britiske marknaden nokon gong, og gjer landet til den femte viktigaste marknaden for norsk sjømat, seier Nesvik.

Fleire norske fiskebåtreiarar tar også turen til London neste veke for å oppdatere seg på det som vil skje etter brexit.

Nyheter
No items found.