This is some text inside of a div block.

Christian Strand Halstensen (50) frå Bekkjarvik er valt til ny styreleiar i Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon.


– Fiskeflåten står framfor mange store utfordringar. Det blir difor viktig å arbeide for forutsigbarheit og stabilitet både i lovgiving og rammeverk, seier Halstensen.

Christian Strand Halstensen tar over leiarvervet etter Jonny Berfjord som går av etter åtte år som styreleiar i Fiskebåt.

Halstensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1999, og har deretter jobba i familiereiarlaget. Halstensenreiarlaget har fartøy både innan pelagisk- og kvitfisksektoren.


Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten. Det er rundt 200 medlemsfartøy i organisasjonen, som er ein aktiv pådrivar i politiske prosessar.

Resten av styret til Fiskebåt er følgande;

Styremedlemmar:

Janne Grethe Strand Aasnæs
Kjetil Holmeset
Helge Olav Vikshåland
Per William Lie
Carl Aamodt
Eldar Farstad
Marius Ytterstad
Sigvald Berntsen
Kristin Remøy

 

Varamedlemmar:

1. Tor-Gunnar Kransvik
2. Siv Madsen
3. Abraham Inge Troland
4. Sindre Johan Dyb
5. Haakon Kjile Pettersen

Nyheter
No items found.