Det forslaget i meldinga som har fått størst motstand er forslaget om å innføre ei statleg kvotebeholdning, som betyr at staten skal kontollere delar av fiskekvotane for så å leige dei ut igjen til fiskarar.
- Dette er i realiteten ein kvotebank der staten blir største kvoteeigar. Måten dette skjer på er også spesiell. Regjeringspartia har sagt at dei er i mot innføring av ressursrente skatt. Men med ordninga som er foreslått er det nettopp det dei gjer, samtidig som dei svekkar kostnadseffektiviteten i fiskeria og dermed fjernar grunnlaget for å innføre ein ressurskatt, sa Grytten.
Grytten peika også på ta ordninga truleg vil føre til ei kraftig opptrapping av byråkratiet som kan kome til å koste langt meir enn dei 100 millionane som staten skal få inn gjennom forslaget sitt. Ordninga vil også føre til ei uheldig dobbeltrolle, der staten både blir aktør og forvaltar.
- Dette er rett og slett «fiskerikommunisme» innført av ei marknadsliberal regjering. Ting er snudd fullstendig på hovudet. Venstresida skal berge oss frå innføring av «kommunisme», sa Grytten.