Strukturen på nettsida er endra slik at det blir lettare å finne fram til det som er interessant for den enkelte.
Kort fortalt er følgjer presentasjonen dei forskjellige faggruppene i FHF, der mellom anna fiskeri har fått ein eigen «bolk», der ein finn korte samanstillingar av dei viktigaste resultata innan fartøyteknologi og fiskeriteknologi. Dette er også samla i ei pdf-fil som kan lastast ned viss ein ønskar det.
- Det er sjølvsagt også lenke til prosjekta, der ein kan lese kva som er leveransen, rapportar og presentasjonar. Dette er eit av fleire grep vi gjer for å resultata våre meir relevante og tilgjengelege for flåtesida, seier kommunikasjonssjef Hans Petter Næs i FHF.
Sjekk ut denne lenka for å finne det som er mest interessant for deg.