This is some text inside of a div block.

- Det blir ofte snakka om at vi saksbehandlarar må kome oss ut på fiskefelta for å sjå og oppleve korleis fisket foregår. No fekk eg sjansen og heiv meg rundt seier Nina Rasmussen som til dagleg er avdelingsleiar i Fiskebåt i Bergen.

No er ho med ringnotfartøyet Slaatterøy som er heimehøyrande i Austevoll. Rasmussen har følgt makrellfisket tett frå skrivebordet i ei årrekke. Først i Fiskeridirektoratet på 90 talet, og indirekte seinare som banktilsett, før ho starta i Fiskebåt i 2016. No jobbar ho i Fiskebåt med pelagiske fiskeri som sitt hovudarbeidsområde.

Fagsjef Rita Maråk i FHF har sjølv drive som fiskar i torskesektoren tidlegare. I vinter var ho også med på kolmulefisket, men ser no fram til å vere med på makrellfiske. Ho er med Strand Senior på fisket.

Nyheter
No items found.