This is some text inside of a div block.
– Dette er ein draumejobb. Vi får vere ute, om ein likar å vere aktiv er det kjekt å vere på fiskebåt, seier elev Jakob Gangeskar til NRK.
I tillegg gjer inntektene at reiarlaga bygger nye og store båtar. Fiskarane har eigne lugarar, treningsrom, fleire båtar har kino om bord.
– Det er gode båtar, og mykje gode pengar, seier Robert Sætren til NRK.
Les også; Lærer noko nytt kvar dag
For ti år sidan kunne mangel på arbeidskraft vere eit problem. Norsk ungdom ville jobbe offshore på supplyfartøy, medan fiskerinæringa måtte finne mannskap i utlandet.
Søkjartala til fiske- og fangstutdanningane i Vestland har kraftig vekst, og det er ventelister for å kome inn.
Her kan du lese heile saka.
Nyheter
No items found.