Kurset er lagt opp som eit e-læringskurs og kom som følgje av eit større prosjekt med å finne ein felles standard for sjøfryst filet, som blei avslutta i fjor. Møreforsking Ålesund AS, Standard Norge og Fiskebåt, utvikla i etterkant av dette eit e-læringskurs som skal vere eit hjelpemiddel for intern opplæring.
- Prosjektet blei avslutta i desember i fjor, og alle var einige om at det var viktig å få på plass eit kursopplegg for alle ledd i kjeda. Det var også ei klar oppfatning blant båtane om at e-læringskurset er eit godt tilbod for intern opplæring av mannskapet knytt til rett fangstbehandling, filetering og innfrysing av sjøfryst filet. Vi ser fram til at fleire melder seg på kurset, seier Terje Molnes, som er kursansvarleg i Marint Kompetansesenter.
Norsk standard
Kursopplegget bygger på kvalitetsstandarden som blei utvikla for sjøfryst filet; Norsk Standard 9444:2018,
Her kan du lese meir om kvalitetsstandarden og bakgrunn for den.
Molnes viser til at det meir enn nokon gong er fokus på kvalitet og sporbarheit på fisk. Eit produkt som er merka med standardens nummer gir ein garanti for at fisken er produsert og lagt til innfrysing seinast seks timar etter fangst.
Dokumentasjon
- Dette er viktig å dokumentere, og det er difor også viktig at alle ledd i verdikjeda har opplæring rundt dette. E-læringskurset tar deg gjennom seks kontrollpunkt frå fangst til lossing, der rutinar for kvalitetskontroll blir etterprøvd og dokumentert, seier Molnes.