Nesvik var tydeleg på at alle forslag som går på å flytte kvotar mellom grupperingane ikkje vil kome frå han, og heller ikkje få politisk støtte.
- Vi treng alle saman for å levere nok fisk til ein voksande marknad. Alle fartøygruppene har sin plass i dette systemet, og det skal vi også ha framover, sa Nesvik.
I innlegget sitt var han også innom Brexit og usikkerheita som er knytt til Storbritannia si avgjerd om å gå ut av EU. Fiskeriministeren henta fram igjen sitatet frå dåverande fiskeriminister Jan Henry Olsen frå EU-kampen i 1994; «Eg har ikkje ein fisk å gi i Brexitforhandlingane», sa Nesvik.
Ombordfrystkonferansen i Ålesund har etablert seg som ein viktig møteplass for fiskerinæringa. I år det 260 deltakarar på konferansen som er eit samarbeid mellom Nordea, Sjømatrådet og Fiskebåt.