This is some text inside of a div block.

Møtet er som vanleg på Hotel Bristol i Oslo og går over to dagar.

Klikk her for å sjå video-opptak frå første dag av årsmøtet.

Klikk her for å sjå video-opptak frå andre dag av årsmøtet.

Ressursrenteskatt er eit av emna som skal debatterast. Seks innleiarar skal snakke om ressursrenteskatt på årsmøtet til Fiskebåt, som også i år blir arrangert på Hotel Bristol i Oslo. Trond Bjørndal frå NTNU kjem for å snakke om det er grunnlag for ein slik skatt. Det skal også Vegard Helland, konserndirektør Sparebank 1 SMN og Mons A. Paulsen, Advokatfirmaet Thommessen AS og styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord.

Fiskebestandar

Det blir likevel ikkje berre snakk om skatt på årsmøtet. Geir Huse, forskningsdirektør, ved Havforskingsinstituttet skal gi oss siste oppdatering på ressurssituasjonen for sentrale bestandar. Og fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) for å snakke om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk. Etter planen skal regjeringa legge fram si stortingesmelding om den framtidige fiskeripolitikken i løpet av våren.

På den andre årsmøtedagen blir det i tillegg til vanlege årsmøtesaker ei sak om CO2-avgift og kva utfordringar det kan gi for fiskeflåten.

Viktig møteplass

Årsmøtet er ein viktig møteplass for både næring og politikarar som kvart år trekkjer opp mot 400 deltkarar.

- Vi har fått på plass eit godt program med aktuelle tema, så vi ser fram til eit interessant møte, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Her kan du sjå heile programmet for møtet.

Nyheter
No items found.