This is some text inside of a div block.

Havforskarar trur nok dei har funne ei forklaring på kvifor verdas største sildebestand har flytta seg nordover. Forklaringa er eit «kollektivt hukommelsestap», ifølge forskarane.

Dei fem siste åra har silda flytta seg 800 kilometer nordover og gyter i Lofoten i staden for på Mørekysten. Årsaka ligg i mangel på overføring av kunnskap frå eldre til yngre sild, skriv NRK.

Havforskar Aril Slotte seier til NRK at dei eldste fiskane driv vanlegvis med sosial kompetanseoverføring til dei yngre. Når nye rekruttar kjem inn er dei rett og slett avhengig av å treffe nokre av dei eldre som sit på kunnskapen, slik at dei kan lære kvar det er lurt å vandre, forklarar Slotte til NRK.

Forskarane ved Havforskingsinstituttet har jobba saman med kollegaer på Island og Færøyane. Studien er publisert i det anerkjende tidsskriftet Nature.

Nyheter