This is some text inside of a div block.

- Det vil ikkje vere samfunnsøkonomisk hensiktsmessig å heve eller flytte vrakdelane frå fregatten KNM Bergen, som i september blei senka på Svensgrunnen. Det skriv Forsvaret i eit brev til Fiskebåt.  

Svensgrunnen er eit aktivt fiskefelt store delar av året, og Fiskebåt og Norges Fiskarlaga har difor krevd at vrakdelane blir fjerna. Dette er ikkje aktuelt, svarar Forsvaret i brevet som er signert med ekspedisjonsjef i Forsvarsdepartementet Henning Vaglum og Oberst Pål Svarstad.

I brevet blir det vist til at dei var avhengige av å forankre fartøyet godt, slik at det heldt seg heilt i ro, for på den måten å få utbytte av våpentesten. Forsvaret vurderte difor at området ikkje kunne vere djupare enn maksimalt 125 meter.

Det blir vidare vist til at det blei henta inn råd frå både statsforvaltar og frå Fiskeridirektoratet for å finne den minst belasta løysinga, som samtidig innfridde dei operative behova for denne testen.

Forsvaret viser også til at våpenet som blei brukt, skal ha delt fartøyet i to, slik at det ikkje bør vere fare for at vrakdelar er spreidd utover eit større område. Forsvaret lovar likevel å verifisere status og nøyaktig posisjon på vrakdelane, slik at fiskarar kan få oppdatert informasjon.


Les også;

Forsvaret ble advart før fregatt-senkning

Forsvaret senket fregatt på fiskefelt

Nyheter
No items found.