Bli med på haustens store fotokonkurranse – Marint blinkskudd - og vinn eit Nikon speilreflekskamera. Motiva hentar du frå båten, fiskeri eller andre relevante situasjonar.
Fiskebåt har gått saman med Marint Kompetansesenter om fotokonkurransen som vi håpar vil engasjere mange. Enno er det mogleg å delta i konkurransen.
- Vi har fått inn ein del bilde, men det er absolutt plass til fleire. Konkurransen går til 1. desemer, så det er enda mogleg å sende inn bilde frå fiskefelta. Vi veit at det er mange gode fotografar ute på båtane som kan fange spennande situasjonar når ting skjer. Målet med konkurransen er å få innblikk i korleis livet er om bord i ein fiskebåt, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.
Konkurransen går fram til 1. desember.Etter det vil det bli kåra ein vinnar, og alle dei beste bilda vil bli publisert på fiskebat.no og marint.no.
- Vi håpar mange blir med, og minner at det er flotte premiar for dei ti beste, seier Dahle.