Silda er på gytevandring sørover og det blir for tida fiska på bankane utafor Trøndelag og Møre og Romsdal. Kystvakta har overvaka fisket, og det er observert at fleire ringnotfartøy har fått så store fangster at mannskapa om bord i fartøya ikkje klarte å berge heile fangstane, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Dette har ført til at store mengder sild slapp ut av nøtene og det meste av silda døyde. Ifølgje Fiskeridirektoratet kan store mengder sild ha gått tapt som følge av dette. Kystvakta vil sende ytterlegare eit fartøy for å styrke kontrollen med sildefisket. Fiskeridirektoratet vurderer fleire tiltak for å unngå at sild går tapt på grunn av for store fangstar.
- Fiskeridirektoratet region Midt har allereie iverksett dagstenging slik at det berre blir lov å fiske sild på kvelds- og nattestid. Så vil vi vurdere reaksjonar i dei konkrete tilfella av neddreping som vi har fått dokumentert mellom anna frå flyet til Kystvakta. I tillegg vil vi ha dialog med flåten, og gjere dei merksame på risikoen dei tar ved å kaste på store sildestimar, seier direktør Aksel Eikemo ved Ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Fiskeridirektoratet og Kystvakta varslar at dei vil følgje ekstra godt med framover.