This is some text inside of a div block.

Fiskeriministeren understreka at det er viktig med stabile rammer for næringa, men vedgjekk at regjeringa gjennom kvotemeldinga har vore med å skape usikkerheit.

- Ja, vi har nok gjort det, men vi har også skapt meir forutsigbarheit på ein del område. Og det hadde nok vore enda meir usikkerheit viss vi ikkje hadde vedtatt kvotemeldinga, sa fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

 

Ingen hast med avklaring

Men når det gjeld korleis fordelinga av strukturgevinsten skal bli når ordninga utløper i 2027 hadde han ikkje noko konkret å vise til. Dette er ei av sakene stortinget har sendt tilbake til regjeringa for å få utgreia konsekvensane av.

- Fordeling av strukturgevinsten må konsekvensutgreiast og eg kan difor ikkje seie her og no korleis det vil bli. Vi må også vere klar over at eit nytt storting kan gjere endringar før vi er i 2027, og vi har difor ingen bråhast med å fatte dette vedtaket, sa Ingebrigtsen.

 

Frå dieselbilar til el-bilar

Som ein illustrasjon på korleis politiske standpunkt kan endre seg på relativt kort tid, viste han til at tidlegare finansminister Kristin Halvorsen (SV) i si tid gjekk ut med ei sterk oppmoding om at folk burde kjøpe dieselbilar, medan politikken har snudd og det no er el-bilar som gjeld.

Fiskebåtmedlem Egil Sørheim var ein av dei som reagerte på manglande avklaringar rundt strukturgevinsten, og meiner dette på må plass i god tid før ordninga opphøyrer i 2027.

- Vi må få ei avklaring rundt dette i god tid før 2027, elles risikerer vi at viktige investeringar i meir miljøvenlege fartøy blir sett på vent. Det er ein situasjon vi ikkje kan leve med, sa Sørheim.

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Cecilie Myrseth, poengterte at det er viktig med ein god og grundig diskusjon, men at for ho er det openbart at dette må på plass i god tid før 2027.

 

Må ikkje bli ei «mjølkeku»

Stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar i Næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad, var også blant innleiarane på årsmøtet til Fiskebåt Nord. Han retta ein åtvarande peikefinger mot at regjeringa brukar god inntening i fiskerinæringa som ei «mjølkeku» for å sikre staten inntekter.

- CO2-avgifta som er innført er eit døme på det, og det er truleg ei avgift som kjem til å auke med tida. No er det ikkje slik at fiskerinæringa er ei så forureinande næring at ein må skru opp CO2-avgifta for å redusere utsleppa. Nei, dette ser meir ut til å vere ein måte for staten til å hente ut pengar frå ei næring som går godt, sa Pollestad.

Han viste også til at det i kvotemeldinga er lagt opp til innkreving av ei såkalla «fiskal avgift» på 100 millioner kroner årleg. Dette er ei avgift som ikkje har anna mål enn å gi staten inntekter. Denne har ikkje regjeringa lagt inn i budsjettet sitt enno, men der ligg det derimot ei kontrollavgift, som skal finansiere kontrollar for å unngå ulovleg omsetting av fisk.

- Det er bra at regjeringa vil styrke fiskerikontrollen, men det er rart at dei sender heile rekninga til næringa, sa Pollestad.

 

Fordeling av kvotar

Endringar i kvotefordelinga mellom fartøygruppene var også noko fiskeriministeren måtte svare for. Ingebrigtsen slo fast at det frå regjeringa si side er gjort heilt klart at det ikke skal skje betydeleg omfordeling mellom gruppene, noko som også skal vere signalisert vidare i byråkratiet. Men Nærings- og fiskeridepartementet si bestilling til Fiskeridirektoratet om kvotereguleringane for neste år, viser noko anna, nemleg at kvotene til open gruppe skal takast frå totalkvoten, noko som igjen fører til at torsketrålarane får redusert sin kvotedel utan at dette blir kompensert.

Dette fekk opposisjonspolitikarane Pollestad og Myrseth til å reagare.

– Det burde vore enkelt for fiskeriministeren å sette seg inn i det direktoratet har sendt ut. Det burde heller ikkje vere vanskeleg å forstå at dette ville føre til eit krav om kompensasjon sidan fordelinga blir vesentleg endra, sa Myrseth.

 

Her kan du lese vedtaket frå årsmøtet i samband med fiskeripolitikk.

Her kan du lese vedtaket frå årsmøtet om "Politisk analyse".

Her kan du lese vedtaktet får årsmøtet; "Fiskeeksport - hva skjer?"

 

Les også;

Klart for Fiskebåt Nord-årsmøte

- Havbasert vindkraft er ei av dei store utfordringane framover

Nyheter
No items found.