NB! Saka er oppdatert 5. januar 2021. Sjå ny versjon her.
Nærmare informasjon om kven som må registrere seg framgår på Mattilsynet si nettside. Det er viktig å merke seg at også fartøy som allereie er listeført i Kina må registrere seg på nytt.
Må aktivt registrere seg
Salslaga og Fiskeridirektoratet har saman med Mattilsynet registrert fiskefartøy som reknast som primærprodusentar. Reiarlag med slike fartøy kan forholde seg i ro. Ei liste over desse fartøya er publisert her.
- Det er viktig at alle fiskefartøy kjem med på listene som sendast over til Kina. Alle fartøy med godkjenningsnummer frå Mattilsynet må aktivt registrere seg, og vi oppmodar om at ein kjem i gang med dette i god tid før fristen går ut. Vidare bør fartøy utan godkjenningsnummer gå inn på lista over fartøy som reknast som primærprodusentar for å sjekke at dei har kome med, seier Sturla Roald, avdelingsleiar i Fiskebåt.