Alt ligg likevel til rette for eit godt årsmøte, både i forhold til innhald og teknisk gjennomføring.
Sentrale politikarar deltek på årsmøtet og skal seie sitt om kva dei tenkjer om fiskeripolitikken. Her finn vi fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (Ap), stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) og stortingsrepresentant og leiar i næringskomiteen Geir Pollestad (Sp). I tillegg blir adm.dir. i Fiskebåt Audun Maråk også med i denne bolken.
Det blir også ein politisk analyse av Sigbjørn Aanes i First House og ein runde verda rundt, der Sjømatrådet sine utsendingar kjem med siste marnadsinformasjon frå viktige marknader.
Møtet går av stabelen onsdag 25. november frå klokka 0900.
Her kan du følge møtet (lenke til streaming)
Du kan også følge møtet på Facebook.