This is some text inside of a div block.

Vindkraft er viktig for å redusere klimagassutsleppa, men enkelte gongar blir det interessekonfliktar mellom storstilte vindkraftutbyggingar til havs og fiskeriinteressene. Per i dag er det lite kunnskap om korleis havvind virkar inn på dyrelivet i havet. Fiskebåt meiner difor at ein må legge til grunn ein føre-var-strategi før det blir sett i gang store utbyggingar som ein ikkje veit konsekvensane av. 

Berekraft er eit anna sentralt tema på årets Fiskebåt- årsmøte. Fiskerinæringa er prisgitt at naturen spelar på lag, og at vi haustar ressursane på ein slik måte at dei kan vare evig. Forbrukarar verda rundt blir også stadig meir opptatt av berekraft. Til årsmøtet kjem fleire ekspertar med forskjellige innfallsvinklar.

Følg årsmøtet på nettet;

Her kan du følge møtet tysdag 11. februar

Her kan du følge møtet onsdag 12. februar

Her finn du oppdatert program for årsmøtet

Årsmøtet i Fiskebåt er ein av dei viktigaste arenaene for norsk sjømatnæring med nær 400 deltakarar frå næringa, tilsluttande næringar, embetsverk og politikarar.

Nyheter
No items found.