This is some text inside of a div block.

- Stortingsmeldinga er omfangsrik og fleire av forslaga som blir fremma er komplekse. Fiskebåt Vest vil difor at medlemmane skal få meir innsikt i det som står i meldinga, og ha høve til å kome med sine synspunkt, seier avdelingsleiar i Fiskebåt, Paul-Gustav Remøy.

Politikarar

På møtet blir det lagt opp til innleiingar både frå  administrasjonen i Fiskebåt og fiskeriministeren. Deretter blir det god tid til både spørsmål og diskusjon med påfølgande paneldebatt med fleire politikarar og aktørar frå næringa.

Stortingsmeldinga,  ”Et kvotesystem for økt verdiskapning” blei lagt fram 21. juni og Næringskomiteen på Stortinget tar sikte på å behandle den i løpet av hausten.

 

Kommune- og fylkestingsval

Remøy viser til at det til hausten også er kommune- og fylkestingsval.

- Vi ser at fiskeripolitikk er eit viktig tema i den regionale debatten i nord, men vi ser lite av det i vår del av landet. Det er eit paradoks med tanke på kor viktig fiskerinæringa er også for denne landsdelen, og ikkje minst alle ringverknadene det skapar for anna næringsliv. Ikkje minst er fiskerinæringa vesentleg for utviklinga av den verdsleiande leverandørindustrien som er langs kysten, seier Remøy.

Fiskebåt Vest håpar at både medlemmar, politikarar og andre interesserte kjem på konferansen i Ålesund den 30. august.

 

Her finn du meir informasjon om program og påmelding.

 

Nyheter
No items found.