This is some text inside of a div block.

Norge og Færøyane er einige om ein bilateral avtale om kvotebyte for 2020. Det melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 500 tonn lange/blålange, 2 000 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Norege har også fått ein makrellkvote på 6 600 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ei kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone.

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 30 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2020 i færøyske farvatn.

Nyheter
No items found.