This is some text inside of a div block.

Heile rekeflåten har samla seg i Ålesund for å oppdatere seg på situasjonen for reker, og skal ein vurdere interessa utifrå oppmøte er det optimisme blant rekefiskarane. Og Ripman meiner det er grunn til å vere optimistar.

- Vi har hatt ei veldig positiv utvikling i 2018 og auka volumet med 50 000 tonn. Flåten som deltok i fisket blei dobla med ein auke på 11 fartøy som deltok i fisket, og snittprisen har auka med 30 prosent, seier Ripman.

Kronekurs

Han viser til at svak kronekurs som gir auka konkurransekraft, kan vere med å snu slik at rekenæringa kan gå frå å vere ein liten aktør i Norge, tilbake til ein stor aktør.

Fryktar Brexit

Ifølgje Ripman er det størst potensiale for auke salet i England. Det gjer også Christian Nordahl i Stella Polaris. Han er likevel uroa for kva som skjer i forhold til britane si utmelding av EU.

- Vi er svært usikre på kva som skjer i forhold til Brexit. Blir det ein hard Brexit er det WTO som gjeld, og då er det 20 prosent toll på reke. Vi er veldig usikre. Vi håpar det går bra, men skulle gjerne vore utan den usikkerheita, seier Nordahl.

Nyheter
No items found.