This is some text inside of a div block.

For 2018 rådde ICES til at det kunne takast opptil 384197 tonn norsk vårgytande sild, men det reelle uttaket som blei avtalt var 435.000 tonn. Auken i forhold til uttatt totalkvot er difor på 35 prosent.

Når det nye kvoterådet er vesentleg høgare, skuldast det ikkje stoda i sildebestanden, men ein ny regel for kor mykje det er forsvarleg å fiske. 

Venta auke

- Det var ei venta auke i kvoterådet frå ICES og er eit resultat av at beskatningsgraden blir justert opp. Vi er tilfreds med at ICES reviderte haustinga av bestanden og at vi fekk ein auke av Fmsy (beskatningsgraden) frå 0,102 til 0,157. Dette viser at vårt engasjement på forskingssida ber frukter, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Fmsy er den beskatninga som på sikt er berekraftig og gir størst utbytte. Om kvoterådet blir følgt vil det innebere ein auke i framtidig gytebestand. 

Kyststatane einige

Kyststatane som forvaltar silda bad ICES om å evaluere fire nye såkalla haustingsreglar. Desse kan samanliknast med konsekvensutgreiingar som vurderer korleis ulikt fisketrykk påverkar bestanden på sikt. Evalueringane blei offentleggjorde saman med kvoteråda for dei andre pelagiske bestandane, skriv Havforskingsinstiuttet (HI). Kyststatene skal samlast i London i neste veke for å avtale totalkvoten.

(Les også: Dramatisk kutt i makrellkvota)

Då kyststatane deretter blei einige om kva regel dei skal halde seg til, kunne havforskarane lage kvoterådet for 2019, som altså enda på 588 562 tonn.

Gode årsklasser

Silda er avhengig av gode årsklassar innimellom for å fylle på bestanden. Rekrutteringa dei seinare åra har vore dårleg.

– Sist superårsklasse var i 2004, og 2013-årsklassen var heller ikkje så verst. Det er denne det blir fiska mest av i dag, seier Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarleg for NVG-sild ved HI.

2016-årsklassen er ikkje endå ein del av fiskeriet, men ser ut til å vere over gjennomsnittet stor.

Du kan lese meir på Havforskingsinstituttet si nettside og grunnlaget for ICES si vurdering her.

 

Nyheter
No items found.