Tobisrådet er utarbeida etter at forskar Espen Johnsen har vore på det årlege mai-toktet på tobisfelta i Nordsjøen, skriv Havforskingsinstituttet på si heimeside.
Rådet bygger på observasjonar på ekkolodd og biologiske prøver. Tobis er ein av dei få bestandane HI gir råd på utaafor ICES-systemet.
God rekruttering
– Vi konstaterer at det er relativt god rekruttering hos tobisen. Rekrutteringa er blant dei tre beste vi har dokumentert dei siste åra, seier Espen Johnsen til nettsida. Dei lyse utsiktene gjer at kvoterådet går markant opp.
Les bakgrunnen for kvoterådet her: Toktrapport for tobis, mai 2019
HI driv områdebasert forvalting der tobisbankane er delt inn i fleire delområde. Nokre delområde er alltid stengt for å sikra lokal rekruttering. Delområda 1b, 1c, 2b, 2c, 3b, 3c og 4a er opne for tobisfiske, men det blir ikkje opna for fiskeri på Vikingbanken, der bestanden framleis er kritisk låg.
Har lagt på seg
Toktet viser også at det er meir biomasse av årets treåringar enn kva det kunne sjå ut som frå tobistoktet i fjor.
– Den historisk sterke 2016-årsklassen dominerer på tobisfelta, og dei nye toktresultata stadfestar at det er snakk om ein kolossalt god årsklasse. Det lovar godt for bestanden, seier Johnsen.
Tar igjen vekttap
Under den seine og kalde våren i fjor var forskarane uroa for dei unge tobisane. Ifølgje Johnsen er tobisen i god stand i år, og at mattilgangen er god, men tobisen har ikkje klart å hente seg inn 100 prosent etter den dårlege veksten dei hadde i fjor.
Fakta om tobis:
- Latinsk namn: Ammodytes marinus
- Andre norske namn: Havsil
- Familie: Ammodytidae
- Gyte- og leveområde: Vikingbanken til danskekysten, Dogger, Storbritannia og ved Shetland
- Føde: Små planktoniske krepsdyr (raudåte), fiskeegg og -yngel
- Levetid: Sjeldan over 10 år
- Maks storleik: 24 cm og 0,1 kg
- Særtrekk: Grev seg ned i sandbotnen.
Tobis er eit samleomgrep for fleire artar i silfamilien. Havsil er det viktigaste i fiskeriet i Nordsjøen.