Tungvint for fiskarar å sjukmelde seg
Fiskarar vegrar seg mot å sjukmelde seg fordi det er så krevande å levere søknader om dette til NAV. Årsaka er det spesielle lønssystemet for fiskarar, der dei får utbetalt løn frå arbeidsgivar, samtidig som dei er sjølvstendig næringsdrivande.