Statssekretær i Finansdepartementet Torgeir Micaelsen (Ap) seier til NRK at regjeringa vil vurdere både korleis, og i kva grad det skal bli gitt kompensasjon til fiskebåtane gjennom kompensasjonsordninga når statsbudsjettet for neste år blir utforma.
Kommentaren kjem etter at regjeringa frå første juli fjerna CO2-fritaket for fiskeflåten fullstendig. Micaelsen seier at han ikkje kan kommentere dei konkrete kanselleringane som selskapet Bunker Oil seier dei har fått, men at det førebels er usikkert kor mange av fiskebåtane som faktisk kjem til å velje å bunkre i utlandet.
– Vi skal følgje situasjonen tett. Klimapolitikken er viktig, og det er forureinar som skal betale. Men vi kan ikkje ha det slik at utsleppa berre blir flytta til ein annan stad – det er ikkje ei effektiv løysing, seier Micaelsen til NRK.
Ordførar i Sør-Varanger, Magnus Mæland (H), er også sterkt kritisk til forskriftsendringa, og seier til NRK at han fryktar for næringa i Finnmark, og meiner dette vil påverke heile Finnmarkskysten.
Fiskebåt har reagert sterkt på at regjeringa fjerna fritaket for CO2-avgift for fiskefartøy, og meiner at dette er ei uheldig utvikling.
– Det er ei skjerping av dagens CO2-avgift. Finansdepartementet innfører det her i ein situasjon der det er eit fleirtal på Stortinget for å skrote CO2-avgifta på fiskeflåta. Grunnen til at dei vil skrote den, er jo fordi det er ei avgift som verkar mot si hensikt, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Micaelsen i Finansdepartementet svarar at regjeringa no gjennomfører det Stortinget har vedteke, ved å innføre avgifta.
– Regjeringa er likevel svært oppteken av at vi ikkje får ein situasjon med karbonlekkasje, eller at andre beredskaps- eller fiskeripolitiske mål blir sette i spel, seier Micaelsen.
Her kan du lese heile saka på nrk.no
Les også;
Kanselleringer på 1,5 millioner liter etter avgiftsendring
Strammer inn regelene for CO2-avgift
Politisk fleirtal for å fjerne CO2-avgifta for fiskeflåten