This is some text inside of a div block.

Fiskerinæringa som samfunnet elles er i endring. Det gjeld også måten vi kommuniserer på, og korleis vi som organisasjon skal formilde det vi arbeider med.

Når vi no lanserer konseptet og podcasten  "Åpen båt", er det eit forsøk på å nå ut til samfunnet vi lever i -  med innbyggarar som i mange tilfelle ikkje har noko forhold til fiskeri, verken som matprodusent, næring eller samfunnsaktør. Mange oppfattar fiskerinæringa som lukka. Ikkje fordi den er det, eller prøver å halde noko skjult. Heller tvert om, men den havgåande fiskeflåten er som oftast lite tilgjengeleg for dei som er på land. Og når flåten er inne og lossar, er det ofte på eit kaianlegg der folk ikkje har tilgang. For dei som jobbar på sjøen er det også utfordrande å fortelje korleis livet er når ein er borte frå familie og vener fleire veker i strekk.

Tittelen "Åpen båt" gjenspeglar nettopp eit forsøk på vise fram kva vi driv med og står for, og korleis livet artar seg om bord i ein moderne fiskebåt. Heilt konkret skal vi gjennom reportasjar blant anna frå våre medlemsfartøy opne opp og gi eit innblikk i norsk fiskerinæring. Vi skal også vere ein arena der vi tar opp aktuelle politiske spørsmål, men også ein arena der vi kan sette oss tilbake og lytte til spennande historier som kan fortelje litt om kvifor vi har kome dit vi er i dag.

Vi legg opp til stor spennvidde i tema og utforming. For at det skal bli lettare for lyttarane å navigere vil podcasten bli delt inn i tre kategoriar - Aktuelt, Live og Historier. Frekvensen mellom dei tre kategoriane vil nok variere, men etter kvart bør det vere nok og variert stoff til å kunne engasjere breidt.

Skal denne satsinga lukkast treng vi hjelp frå dokke som lyttarar. Vi treng tips og innspel til tema som er relevante å ta opp, og vi treng hjelp til å få delt innhaldet. Alle episodar vil vere tilgjengelege på ei eiga landingsside på fiskebat.no. I tillegg vil dei vere å finne på Spotify og andre plattformar for podcastar.

Fleire enn nokon gong lyttar til podcast – unge, eldre, fagfolk, studentar, nysgjerrige sjeler. Det er mykje å velge mellom, men vi håpar at "Åpen båt" vil bli førstevalet for mange.

Her kan du sjå og høyre den første Åpen båt-podcasten, som gjekk live frå The Next Wave på Giske.

Ytringer
No items found.