This is some text inside of a div block.

I ein ny rapport frå den britiske forskingsinstitusjonen Cefas, går det fram at botntråling ikkje fører til spesielt store klimagassutslepp. Fleire titals internasjonale ekspertar, blant anna frå Havforskingsinstituttet, har vore med på dette arbeidet.

I ein tidlegare kontroversiell forksingsrapport gjekk det fram at botntråling fører til like store klimagassutslepp som den globale flytrafikken. Årsaka skulle vere at ein røskar opp CO2-lager frå havbotnen som dermed blir frigjort til atmosfæren. No viser det seg at dette er feil, og at tråling fører til langt mindre utslepp enn det som har blitt hevda. Det skriv forskingsdirektør Geir Huse og forskar Samuel Rastrick ved Havforskingsinstituttet i ein kronikk i Aftenposten

- Debatten har hatt éin stor mangel: god kunnskap om kva som skjer når trålane forstyrrar det enorme karbonlageret på havbotnen, skriv dei to forskarane og viser til rapporten frå Cefas, som dei sjølv har vore med på å utarbeide.

Konklusjonen i rapporten er at CO2-utslipp frå botntråling truleg er mykje lågare enn tidlegare anslått.

- Tidlegare studiar har tatt utgangspunkt i at alt karbon i sedimenta som blir forstyrra av tråling, frigir CO2 – og at alt CO2 som blir frigitt på havbotnen, endar i atmosfæren. Forsking som tar omsyn til komplekse biologiske og kjemiske prosessar, viser at dette ikkje stemmer. Kun ein liten del av karbonet som blir forstyrra på havbotnen blir blanda vassmassane. Resten fell til ro igjen på havbotnen, skriv forskarane.

Forskarane viser også til at risikoen for CO2-utslepp frå havbotnen varierer avhengig av kva type botn det er, og kva for reiskapar som blir brukt.

Her kan du lese kronikken til Geir Huse og Samuel Rastrick.


Les også;

Norsk trålfisk er klimavinner

Norsk trålfiske vil levere klimavennlig mat i evighetens perspektiv

Nyheter