- Om ein bytar ut fisk med kjøtproduksjon på land, vil det truleg føre til redusert biologisk mangfald. Det konkluderer ei forskargruppe med i ein artikkel i "Reviews in Fisheries Science & Aquaculture"
Forskarane viser til at om lag halvparten av det dyrkbare landarealet på jorda er endra frå naturlege habitat til jordbruksland, noko som har ført til tap av biologisk mangfald. Enkelte miljø tar til orde for å redusere fiskeriaktivitet med eit ønske om å ta vare på det biologiske mangfaldet i havet.
Ifølge forskarane vil det kreve enorme landareal viss ein skal erstatte mat frå havet med kjøtproduksjon på land. I artikkelen blir det vist til at med ei slik omlegging, vil det vere behov for ytterlegare 47 000 kvadratkilometer landbruksareal. Dette vil igjen føre til ytterlegare tap av biomangfald på landjorda.
Forskarane har ei oppmoding til politikarar om å sjå på fiskeri som berekraftig matproduksjon, når ein med bakgrunn i naturvern diskuterer restriksjonar for fiskeri.
Her kan du lese heile den vitskaplege artikkelen.
