Fiskebåt ber Nærings- og fiskeridepartementet om å vurdere ei modernisering av aktivitetskravet i deltakarlova. Fiskebåt meiner at stillingar i administrasjonen på land, må likestillast med arbeid på sjøen.
Slik reglane er no, er det berre ein person som kan vere såkalla "administrerande reiar", og ha sitt virke i administrasjonen på land. I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet skriv Fiskebåt at tida er overmoden for å ei oppdatering av aktivitetskravet. Fiskebåt ber difor om at det snarleg blir ein høyringsprosess, der ein tar sikte på å modernisere aktivitetskravet.
Ifølge Fiskebåt har samfunnsutviklinga og utfordringar knytt til generasjonsskifte ført til at det er naudsynt med endringar i regelverket for å sikre lokalt eigarskap over generasjonar.
Fiskebåt presiserer i brevet at ordninga med administrerande reiar kun skal gjelde for naudsynte stillingar i eit fiskebåtreiarlag, og at det skal vere ein realitet knytt til stillinga.
-Det er difor heilt avgjerande at instruksen sitt krav om naudsynt tilknytting til drifta, herunder krav om ein viss eigardel i fartøy, og at hovudaktivitet blir vidareført. At stillinga må vere naudsynt, inneber vidare ei utviding av ordninga kun vil vere aktuell for fiskefartøy over ein viss storleik, herunder fiskebåtreiarlag der det er behov for ein landadministrasjon, heiter det i brevet.
