Fiskebåt har meldt seg ut av Norges Fiskarlag. Det kom som ein følge av at Nord Fiskarlag, stemte mot endringar i vedtektene etter at dei gjekk på tap i spørsmålet om ressursfordeling.
- Fiskarlaget si overleving og framtid er nøkkelen at fordelingsspørsmålet blir liggande roleg. Dermed har konklusjonen vore, at dersom vi ikkje fekk dette på plass, så skal Fiskebåt meldast ut på dette landsmøtet. Vi har eit mandat frå vårt årsmøte. Valet om å melde oss ut er dermed godt forankra, godt grunngive og rett, sa styreleiar i Fiskebåt Christian Halstensen til landsmøtet i Norges Fiskarlag i Trondheim i dag.
Formelt sett blei utmeldinga levert på landsmøtet. Etter reglane står eit medlemslag to år i organisasjonen før utmeldinga er endeleg.
- Vi har no sendt ein formell utmelding til Fiskarlaget, og er dermed eit utmeldt medlemslag. Eg vil understreke at vi skal vere veldig ryddige i denne prosessen, og har stor respekt for reglane for korleis utmelding skal skje, sa Halstensen.
Halstensen peika også på dei tilsette i Norges Fiskarlag.
- Sjølv om vi meiner det er rett å melde oss ut, er det absolutt ikkje kjekt. Det er veldig mange flinke menneske som jobbar i Fiskarlaget, og det er leit at det har tatt så lang tid å få ei avklaring. Vi skal så godt vi kan sørge for at prosessane skal ta godt vare på alle.
Halstensen viste også til Sør-Norges Fiskarlag.
- Dei har jobba ryddig og ærleg gjennom heile denne perioden. Vi er glad for dei signala som kom frå styreleiar Terje Eriksen i Sør-Norges Fiskarlag, om å kome dei i møte med dei prosessane som kjem i kjølvatnet av dette her, sa Halstensen.
Les også;
Jan Roger Lerbukt valt som ny styreleiar i Norges Fiskarlag.
