Tar ein bort klimaavgifta for fiskeflåten, vil det føre til reduserte utslepp av klimagassar på fem til seks prosent. Det viser berekningar som Fiskebåt har utført.
Årsaka er at fiskeflåten i dag tar omvegar til utanlandsk hamn for å sleppe avgifta - ei avgift som ikkje har nokon klimaeffekt. Per i dag finnast det nemleg ikkje reelle alternativ til diesel for store delar av fiskeflåten. Avgifta som har som formål å stimulere til å ta bruk ny teknologi har dermed ingen klimaeffekt.
For fiskeflåten er dette ei viktig sak i samband med budsjettforhandlingane som no pågår i Stortinget. Regjeringa har i sitt forslag til statsbudsjett foreslått å vidareføre opptrappinga av CO2-avgifta for fiskeflåten. Medan store delar av skipsfarten er underlagt det som er kvotepliktig sektor i EU, så er fiskeflåten ei konkurranseutsett næring i ikkje-kvotepliktig sektor. Dette trass i at Norge deler 90 prosent av fiskebestandane med andre land. Norske fiskefartøy som fiskar i dei same områda, og sel fisken i dei same marknadane, får dermed redusert konkurransekraft. Tar ein bort den særnorske avgifta, så vil det føre til likare konkurransevilkår med EU-flåten, og stimulere til at fangstane blir levert til norske fiskeindustrianlegg og at verft- og vedlikehaldsoppdrag blir utført i Norge.
No er det opp til stortingspolitikarane å avgjere vegen vidare. Denne og neste veke er det høyringar i stortinget om regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Dei forskjellige komiteane gjennomfører kvar sine høyringar, der det er mogleg å kome med innspel. Fiskebåt deltar i dei munlege høyringane til Finanskomiteen, Energi- og miljøkomiteen og Næringskomiteen. I tillegg blir det levert inn skriftlege innspel til dei respektive komiteane.
Under kan du lese Fiskebåt sin skriftlege innspel til komiteeane.
Det er satt av følgande datoar for desse komitehøyringane:
Finanskomiteen 14. og 15.-oktober
Energi- og miljøkomiteen 16. og 20. oktober
Næringskomiteen 21. og 22. oktober
Høyringane kan følgast på stortinget si nettside og her finn du oversikt over dei forskjellige høyringane.
Her kan du lese Fiskebåt sine innspel til høyringane om statsbudsjettet;
Innspel til Finanskomiteen
Innspel til Energi- og miljøkomiteen
Les også;
Statsbudsjettet for 2027 - sentrale saker
CO2-avgifta for fiskeflåten ser ut til å vere historie
- Regjeringen må ta initiativ til å fjerne CO2-avgiften for fiskeflåten
Senterpartiet klare om å fjerne CO2-avgifta
- CO2-avgift reduserer ikke karbonlekkasje
