Under kan du lese heile talen til Paul Harald Leinebø;
Tale Fiskebåt Vest Thon Hotel Fosnavåg. 13.12.2019
Tradisjonen tru, vil vi starte med å minnast dei av våre yrkesbrør som har gått bort i løpet av året. Vi minnest desse ved å reise oss og eit minutt stillheit.
Velkommen til Fosnavåg og det eg må få kalle bestestova i Herøy. Nærare sjøen og fiskerinæringa går det ikkje an å kome. Sjøl om vi ikkje ser det no, så går store og små fiskefartøy bokstaveleg forbi glaskarmane til dette bygget, til og frå fiskeindustri og reiskapsbedrifter. Og herifrå kan vi sjå rett ut i Rundabranden og vestover mot storhavet. Og det er nettopp overskot frå bl.a fiskeria som har bidratt til å finansiere dette bygget.
Årsmøte - Gratulerer! Den 3. desember passerte vi, ei nesten uoverkomeleg magisk grense i eksportverdi, 100 milliardar NOK. 2,5 millionar tonn sjømat. Harald Tom klarte det, men vi i denne sal har bidrege sterkt. Med smaksfull villfanga fisk har vi gjort jobben vår på havet, lagt grunnlag for vekst og er ein sterk bidragsytar til veksten langs kysten. Verda vil ha norsk fisk, vi er ettertrakta. I den samanheng synes eg det er flott at fiskeriministertittelen har fått føya sjømatminister til seg. Det skulle berre mangle og var på høg tid.
Det går godt i næringa. Faktisk i dei aller fleste flåtegrupper. Det er kjekt, og det skapar aktivitet langt utover det å fiske og levere fangst.
Gratulerer til alle fartøyeigarar som har fornya seg. Alle som har fartøy under bygging (både store og små). Vi har fått sett praktfulle nybygg i ringnot i år, og i morgon er det dobbel dåp på Stad (Berre for å nemne noko).
Folk med båtprosjekt funderer på korleis neste båt skal bli betre enn den ein har. Skli betre gjennom sjøen med lavare utgifter, sikrare og betre for folket, betre reiskapshandtering, og bedre kvalitet på fisken.
Innovasjon i grønare og meir miljøvenlege farøy gjer at vi nermar oss snart null utslepp med enkelte nybygg. Nyvinningane kjem ikkje berre norsk flåte til gode. Noko av det blir faktisk eksportvare også til fiskerinæringane i andre land.
Og vi ser at ungdommen søkjer seg til næringa. Dette gjeld både som arbeidstakarar, lærlingar og som neste generasjons eigarar. Det er kjekt.
Eg vil minne om at det ikkje er så mange åra sidan at ein i mange flåtegrupper hadde vanskar med å få tak i folk.
Kva gjer så dette med samfunna våre her ute på kysten? Vi skapar verdiar og aktivitet både for oss sjølve lokalt og regionalt næringsliv, og landet elles. Vi utfordrar utstyrsleverandørane våre og dei er særs innovative og flinke.
Men, det er mange utfordringar.
President Trump twitrar, verda er i endring. I Kina er det omveltingar. Boikotten av norske fiskevarer i den russiske marknaden står framleis ved lag, og viser med all tydeligheit at denne næringa må leve med sikkerheitspolitiske konsekvensar.
Brexit er kansje ei av dei største utfordringane vi har stått overfor på mange år. Norge er i ein pressa situasjon. Britane elskar fisken vår, men vert det nye tollbarrierar?
Vi veit enno ikkje på kva måte skillsmissa mellom Storbritannia og EU endar. Og korleis tilgangen til fiske i britisk sone blir, der vi mellom anna skal fiske lange, brosme og kolmule. Eg vil likevel gi ros til norske styresmakter som har gjort ein god jobb så langt i forhold til å førebu ulike situasjonar og utfall.
Intektene veks. Pris per kg. fisk aukar. I ei kort periode i år passerte torske-prisen lakse-prisen. Analytikarane såg ikkje det kome. Det er stort potensiale i vidare vekst for villfanga fisk. Også for andre fiskeslag, biprodukt og restråstoff. Samtidig ser vi at enkelte fiskeslag blir hengande etter. NVG-sild leverast til 4,50 kroner kiloen. Fire kroner og femti øre kiloen for menneskemat i 2019. Framleis lave brosme og langeprisar torer eg knapt nemne.
Samtidig ser vi at kostnadane veks. Mykje av dette kjem frå åra med oljeboom. Ikkje minst grør det i alle direktorat med aukande iver og idear om endå meir krav til rapportering og dokumentasjon. Kostnadane og tidsbruken må til slutt belastast drifta. Iveren etter å sertifisere den minste ting er blitt nærast manisk. Den kan på sikt øydelegge initiativet og den iderikdomen som næringa vår er kjend for.
Utvalet som vart oppnevnt til å kome med forslag om framtidas fiskerikontroll har nyleg avlevert si innstilling. Det å ha ein tillitsvekkjande kontroll med ressursuttaket er viktig både for forvaltninga av fisken, interne konkurranse-vilkår og omdømmet i mange marknader.
Eg har ikkje fått lest forslaga enno, men dette vil nok bli ei sak som vi må bruke tid på på nyåret. Eit av forslaga som utvalsleiaren kom med på presentasjonen av innstillinga var å innføre pliktig innmelding av fangst frå alle fiskefartøy før levering.
Det skulle berre mangle. For oss i havfiskeflåten har dette vore regelen i ei årrekkje for alle fangstar. Ei slik praktisk innstilling lovar godt. Så får ein sjå kor praktisk gjennomførbare dei andre forslaga er, og om vi som aktørar får det rettsværnet vi har krav på.
Eit anna høyringsbrev vi mottok 2. desember frå Surofi, Norges Råfisklag og Vest-Norges Fiskesalgslag er omsetningssystemet for fryst kvitfisk. Dette vert ei svært utfordrande sak som absolutt har innverknad på måten vi sel fisken vår på, og kven som «har siste ordet» ved sal.
Godtfolk.
For nokre år sidan «oppdaga folk og meiningsbrarar» plastforurensinga i naturen og særleg i havet. Sjøl om nokre av oss hadde brukt vet og samla plast lenge før dette, er det ikkje tvil om at dei fleste av oss- også i fiskerinæringa har noko å rette opp. Her, litt nord om Stad har vi bivirkningane frå Golfstraumen som gjer at vi må finne oss i at ting kjem drivande frå lenger vest i havet.
Vi kan sjå Rundabranden herifrå, og vi har alle sett skremande bilder i media frå fuglefjellet der reira er laga av fiskegarn, kjendsler, notlin, tauendar og plast. Det er skremande og ikkje bra.
Som leiar i Fiskebåt Vest har eg leita etter ord for tilsvar, men finn inga god forklaring. Bilda er tydelege. På vegne av alle fiskarar seier eg unnskyld. Det gjeld for liten som for stor, sjølv om vi på ingen måte er aleine om å ha skapt situasjonen. Vi har alle, uansett kven vi er kasta for mykje plast i naturen. Det gjeld også på land.
I dag er vi opplyste og samlar alt om bord. Moderne fartøy har tilrettelagt forbrenningsutstyr for avfallshandtering og tilrigga båtane for å ta alt søppel til hamn.
Eit svært positivt tiltak per i dag er at alt garnlinet frå reinskore sei- og torskegarn i vårt distrikt vert levert til resirkulering og gjenbrukt til nydelege dørkmatter i den nye Teslamodellen, og det er stilig. Og fleire døme finnast. Gjenbruk er i framgang.
Eg er veldig glad for at ordninga ”Fishing for litter”. Der ein har bygt opp mottak av oppsamla plast frå fiskeflåten blant anna. Dette er praktiske tiltak som eg håpar kan bli vidare utbygd. Fiskarane og andre har fortsatt betydelege kostnader utanom ordninga for å få levere avfall frå havet, så tilgjengelege mottak og ordninger etterlyser vi.
Og all honør til alle skuler og elever og frivillige langs heile kysten som gjer ein frivillig innsats til rydding av fjøra.
Å ferdast på havet og i skipsleia er ikkje risikofritt. Dette gjeld ikkje bærre fiske-fartøy. Særlig to episodar hugsar vi frå i år - Fregatten Helge Ingstad og cruiseskipet Viking Sky.
Havarikommisjonen har no levert rapportar. For begge sitt vedkomande gjekk det heldigvis ikkje liv tapt. Når det gjeld Helge Ingstad så skal eg ikkje seie så mykje. Personleg trur eg samtlege skipperar her i salen hadde konklusjonen like etter at nyheita kom ut.
Når det gjeld Viking Sky konkluderte Havarikommisjonen med at ankera berga skipet frå å havne i grunnbråta på Hustadvika. Men kva om ankera ikkje hadde huka? Ei båtslengde frå skjera. Kvar var nødkapasiteten for slep, og kor førebudd var ein om bord i Viking Sky på å ta slepar?
På tidleg 2000 tal foreslo Fiskebåt og fiskebåtreiarar at fiskebåtar med stor tauekapasitet burde gå inn i ein slags fyrstelinjeberedskap for nettopp slike hendingar. Ekspertane log åt oss. Desse fiskeskøytene har no ingen tauekraft- taubåtbransjen formeleg mobba oss amatørane. Men viste dei kva dei snakka om? Eg såg ein liten taubåt mellom bårene framfor Viking Sky. Hadde den heldt skipet aleine? Eg tvilar. Eg trur at ”ekspertane” snart må innsjå at framfor å finne ideelle løysingar som ser fine ut på papiret – så må begrepet «frivillig beredskap» kunne utvidast til å nytte ledig kapasitet i fiskeflåten.
Det flotte frivillige arbeidet dei på land utførte som tok mot turistane var fantastisk. Vi har ressursar langs kysten som kan brukast om ein legg til rette og ikkje sertifiserer det bort.
Også helikopterberedskapen må nemnast. Den er nermast fråværande på våre kantar av kysten. Det er sterkt beklageleg og eit paradoks, når vi såg ekspertisa og kor flinke dei var i krisesituasjon i uveret. Her har våre lokale politikarar eit særskilt ansvar for beredskapen.
I dag står to viktige saker for oss i næringa på dagsorden: Konkurrerande bruk av havet og kvotemeldinga, med tilhøyrande forslag til forskrifts og lovendringar. I begge sakene vert vi utfordra frå det politiske miljøet på ein måte vi knapt har opplevd maken til på mange år.
Kvotemeldinga er allereie grundig debattert. Det kan synest som om samtlige, ja heile kysten, er svært kritisk til innhaldet i kvotemeldinga. Det gjer ikkje temaet mindre relevant å ta opp. Kvotemeldinga har direkte betydning for framtida vår både som fiskerinæring, men også for aktiviteten langs kysten.
Professor Ola Grytten kalla meldinga «statskommunisme og dobbeltran». Han er faktisk ein utanforståande. Han uttalte også at stortinget kun hadde ein person med imponerande kunnskap om fiskekvotar, KrF`s fiskeripolitiske talsmann Steinar Reiten. Velkomen hit til oss i dag og takk for at du stiller opp. Du har ei stor oppgave med å sørge for at Stortinget landar saka på ein fornuftig måte.
Personleg veit eg at du er lærar av yrke. Sjølv er eg gift med ein adjunkt med opprykk. Av erfaring veit eg at dokke kan vere svært smarte og kloke, men også tilsnakkandes, så eg ser fram til innlegg og diskusjon.
Eg vil knytte nokre generelle kommentarer til kvotemeldinga.
Kvotemeldinga skulle handle om ei oppdatering og forenkling av det kvotesystemet vi har bygd opp dei siste åra. Vi skulle endeleg i lag bestemme noko langsiktig og med breitt fleirtal. Ein skulle rydde og forenkle, men ein skulle også behalde viktige premissar som både var og er viktige byggesteinar i den suksessen struktur- og reguleringspolitikken har vore.
Men har det blitt slik? Kva ligg bak at ei samla fiskerinæring dømer forslaga frå regjeringa til stortinget nord og ned? Også lovendringsforslaga som er sendt ut for å følge opp meldinga har vakt sterke reaksjonar.
Slik eg og mange med meg ser det – er det fordi meldinga har blitt handlande om noko heilt anna enn det som var forespegla. Vi forventa forenkling, for-betring og stabilitet. Kom dette på plass,var vi også forberedt på at det kunne bli aktuelt å auke bidraget frå næringa.
Men meldinga leverer ikkje på målsetninga om forenkling og forbetring. Staten er iferd med å verte kvoteeigar, og på sikt kanskje den største. Eg er svært uroa over den usikkerheita dette vil skape.
Tilfeldig eller ikkje: Meldinga kjem meir eller mindre samtidig med forslag om ei omlegging av skattesystemet på el-krafta, og oppdrett. Også desse har same mål- meir til staten.
Eg har ved eit tidlegare høve kalla tidlegare fiskeriminister Per Sandberg ei laus kanon på dekk. Men eg trur han hadde rett når han for ei tid tilbake sa at Finansdepartementet har bestilt desse endringane med eit formål:
«Å få erstatta veksten i statskassa med tapet frå dei høge oljeinntektene». Fagdepartementa er meir eller mindre stilt på sidelinja meiner han
Dette med at Havressurslova fastset at fiskeressursane er fellesskapets eller det norske folk sin eiendom blir brukt for det det er verdt.
Det kan av og til oppfattast som om tonna med kolmule, brosme, lange, sild makrell og torsk har vore hyllevare ein enkelt kan hente ut gratis.
Men fiskebestandane var ingen ressurs før nokon byrja å hauste av dei. Det var fiskarane som gjorde det- ikkje resten av folket.
Det er fiskarane som skapar verdiar av fellesskapets ressursar. Det er vi som skapar ringverknader lokalt og regionalt av dei. Det er vi som i lag med tilhøyrande industri skapar verdier og valutainntekter til landet.
Det må ei høne til for å lage egg. Høna må faktisk ha så godt med mat og stell at ho lagar gode egg. Som fiskarar treng vi stabile og forutsigbare remmevilkår for å lukkast. Og gløym ikkje at vi bidreg. Vi betalar vanleg skatt og er i tillegg pålagt særlege avgifter. Her er det til dels snakk om særskatt.
Eg etterlyser meiningane til dokke som vi har valt inn på storting og fylkesting om kva de meiner? Er dokke enige med «ekspertane» i at ressursane uansett blir best fordelt av Finansdepartementet?
Sei då i frå om det slik at vi veit kva vi stemmer på neste gong. Dette handlar også om tillit til dokke politikarar. Kva skjedde med landsmøtevedtaka dokka, der dykk kontant avviste ressursrentebeskatning i fiskeria? Og tilbakefall av strukturkvoter til gruppene?
No er det stortinget som har saka og skal bestemme. Lytt til næringa og følg råda våre så kan saka fortsatt ende godt, noko eg faktisk har tiltru til kan skje.
Så til utbygging og bandlegging av vindkraftområder i havet
Denne næringa er på full fart framover. Det er storsatsing på ny industri etter oljen og vi ser at regjering og andre yter enorme økonomiske midler til «grøn satsing» i «den blå åker», eller vindturbiner til havs. Og industien bak er ekspansiv og stor. I nær framtid vil vi nok sjå fleire store anlegg langs kysten enn vi har på land.
Vi etterspør frå styresmaktene ein heilskapleg arealplan for havområda for heile kysten og havområda.
Eg er faktisk av dei som er såpass politisk ukorrekt at eg ikkje nødvendigvis synes at nokre vindturbindar på ein og anna fjelltopp er så gale- om det kan byggast og driftast på plassar med liten påvirknad. Vi treng fornybar energi- (i alle fall når vi har modernisert og effektivisert vasskrafta vår- noko vi ikkje har gjort enno.) Eg er heller ikkje i mot tilsvarande på havet- om dei blir lagde på plassar utan ulempe for anna aktivitet som fiskeri.
Men, for å vise det med eit eksempel. Vi ville sjølsagt ha steila om vi bygde ut for eksempel alt jordbruksarealet på Jæren til ein vindpark og samstundes gjort det umogleg å drive landbruk der. Jæren er mindre i kvadratkilometer enn feltet f.eks på Nordsjø-Sør. Men kva er skilnaden på å bygge ut Jæren og eksempelvis Vikingbanken ? Ingen. Ein produserer store mengder mat begge plassar. Like lite som ein kan flytte åkrane på Jæren opp i heiane så kan ein flytte fisket vekk frå felta på Vikingbanken. Ein kan ikkje berre flytte seg.
Dette skal vi ha meir om seinare i dag. Og vi har fått med oss, ikkje ringare enn Liv Lønnum, statssekretær i Olje- og energidepartementet, samt Knut Erik Steen, Norwegian Energy Partners og fiskeskipper Pål Roaldsnes, til å innleie sak, velkomne.
Før eg avsluttar vil eg slå eit lite slag for kvalfangsting. Kvalbestanden er ikkje trua, men den et masse biomasser av fisk. Kvalane veks og vert stadig meir nærgåande i mange fiskeri. Berre sjå på alle filmsnuttane frå Norskehavet rundt notkasta og Alle veit korleis dei plukker fisk av lineanglane.
Av fjordårets avsette kvote på 1278 dyr, vart kun 454 dyr fangsta. Då vert det i mitt hovud feil at friskusar som Arnfinn Karlsen vert nekta å fangste p.g.a små detaljer i regelverket. Fartøyet er strukturert ut av fiske, men ein dispensasjon i ei eller anna form burde giast, sjølvsagt på den premiss at denne båten ikkje kan brukast til anna fiskeri
Næringa vår går i dag godt. Det skuldast mange forhold, men eg må få lov til å seie at det er vi – aktørane som har satsa tungt- og med innbitt entusiasme har mykje av skulda for dette.
Det er ofte slik at når ting går godt så er det dei som meiner at dette ikkje er rett eller urettferdig på eit vis. Javel- det er det lov å meine. Men, jammen er det langt mellom dei gjennomførbare alternativa desse kjem med. Eg berre spør kva slags næring vi hadde hatt i dag om ikkje aktørane stort sett i samarbeide med myndigheitene heilt sidan starten av 70 talet hadde gått gjennom den moderniseringsprosessen vi fortsatt er i.
Alle veit at ei avskaling av folk og båtar måtte kome skulle dette går rundt. Og eg trur faktisk at den norske modellen på tross av sine manglar faktisk er mindre dårleg for landet enn det ein har avla fram i mange av våre naboland. Difor må vi bygge vidare i fellesskap på suksessen vi har oppnådd så langt.
Heilt til slutt Eg vil takke styre og administrasjon for svært godt samarbeid i året som har gått. Det er ei ære å få ha tillitsværv i ein så ressurssterk og aktiv medlemsmasse.
Også stor takk til mannskapa om bord i fartøya, og ikkje minst soldatane som fortsatt er ute på havet.
Takk for meg
Paul Harald Leinebø