Korleis skal fiskerinæringa navigere mellom rivaliserande stormakter og i eit krevande politisk farvatn. Dette blir tema på Fiskebåt sitt årsmøte i Oslo neste veke.
Når Fiskebåt invitereter til årsmøte på Hotel Bristol i Oslo 10. og 11. februar blir det fullt hus. Det er venta rundt 400 personar til møtet, og nesten like mange vil delta på festmiddagen om kvelden.
Etter at styreleiar Christian Halstensen har halde sin opningstale, blir temaet om fiskerinæringa i ei uroleg verd. Her blir det tre innlegg. Professor Øystein Tunsjø frå Forsvarets Høgskule skal snakke om "Supermaktsrivalisering - kampen om makta", deretter skal statssekretær, Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet snakke om "Hvordan navigerer regjeringen i krevende farvann" og til slutt i denne bolken skal Kjetil B. Alstadheim i Aftenposten snakke om "Mitt lille land - kan Norge stå alene?"
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) kjem også til årsmøtet for å orientere om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk.
Fiskeria har også utfordringar med låge kvotar for fleire fiskeslag. Forskingssjef Geir Huse ved Havforskingsinstituttet kjem til årsmøtet for å oppdatere forsamlinga om korleis situasjonen i havet er.
Programmet startar kl. 09.00 tysdag 10. februar.
Her kan du sjå programmet for årsmøtet.
På årsmøtet sin andre dag blir det ordinære årsmøtesaker, og ei orientering om vegen vidare etter at Fiskebåt melde seg ut av Norges Fiskarlag på landsmøtet i november 2025.
Årsmøtet blir som vanleg i konferansesalen i Hotel Bristol i Oslo. Møtet blir "streama" for dei som ikkje har høve til å delta fysisk.
