This is some text inside of a div block.

Det har vore jobba lenge med å få på plass forskrifta som på sikt kan kome til å ta over for den frivillig avtalen mellom Greenpeace og britiske fiskeoppkjøparar. I den avtalen er partane samde om å ikkje fiske i enkelte område før ein har fått kartlagt kva for artar som lever der.

Bengtson er glad for at det no blir norske styresmakter som skal handheve dei nye reglane.

Les også; Sårbare arter i Barentshavet får bedre beskyttelse.

- Aktørane i den frivillige avtalen har gjort ein eineståande jobb og avtalen omfattar no fartøy frå alle land. At det no skal kontrollerast av norske styresmakter er fantastisk, seier Bengtson.

 

Viktig prinsipp

Bengtson legg vekt på at forskrifta gir eit sterkare vern av fleire nye område i Barentshavet, og samtidig vidarefører eit viktig prinsipp om at ein skal vere forsiktig i område som ikkje er kartlagt.

- I eit havområde som er så stort som Barentshavet, så er det utruleg viktig at ein tar vare på miljøinteressene, seier Bengtson.

 

Også næringa vil ha reglar

Fiskerinæringa er også godt fornøgd med at det no kjem på plass eit regelverk.

- Det er bra at styresmaktene no får på plass eit regelverk rundt dette slik at vi får ei ordna forvaltning av Barentshavet. Vi har fått kome med våre innspel, og meiner at dette sikrar ein fin balanse mellom vern og næringsaktivitet, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt.

Maråk viser også til at ordna forhold rundt fiskeriet også er viktig for at næringa skal imøtekome krav frå sertifiseringsordningar som MSC.

Partane i samarbeidet møtes onsdag i London for gå gjennom forskifta og drøfte vegen vidare.

Nyheter
No items found.