This is some text inside of a div block.

- Kunnskapen vi har i dag, kan ikkje svare på spørsmåla fiskarane har om korleis havvindutbygginga kan påverka fiskeria. Vi veit for lite i dag om korleis havvind vil påverka fiskeria, seier forskar Anne Christine Utne Palm, ved Havforskingsinstituttet.

Ifølge ein ny rapport manglar det kunnskap om kva effektar til dømes støy, elektromagnetisk stråling frå kablane og mindre vind eller endra straum-mønster vil ha å seie.

HI-forskaren har leia arbeidet med ein ny rapport der målet har vore å skildre kva konsekvensar havvindparkane i Hywind Tampen, Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vil ha å seie for fiskerinæringa utifrå dagens kunnskapsgrunnlag – og finne kva kunnskap som manglar. 

I arbeidet har havforskarane også intervjua fiskarane som fisker i dei aktuelle områda, for å få erfaringsbasert lokalkunnskap om fiskeria i dei tre ulike områda. Fiskarane har mellom anna fortalt om sesongar, fiskeområde, kva artar dei fiskar etter, straum og andre særpreg lokalt.

Les meir om rapporten på Havforskingsinstituttet si heimeside.

Her kan du lese heile rapporten - Kunnskapsinnhenting for Sameksistens mellom fiskeri- og havvindsnæring
frå Havforskingsinstituttet.


Nyheter
No items found.