- Den havgåande fiskeflåten leverer topp kvalitetsprodukt året rundt. Det sa Audun Maråk i Fiskebåt, då han møtte fiskeriministeren og leiinga i departementet for å nettopp å snakke om kvaliteten på norske fiskeprodukt.
- Vårt inntrykk er at kvaliteten som blir levert frå norske havgåande fiskefartøy gjennomgåande er høg. Vi vil ikkje avvise at det finnast kvalitetsutfordringar blant enkeltaktørar eller i enkelte fiskeri, men diskusjonen som det no blir invitert til, kan ikkje ta utgangspunkt i at kvaliteten på norsk villfanga fisk er dårleg, seier Maråk.
Fiskeriministeren vil ha innspel
Det er fiskeriministeren som har tatt initiativ til eit møte med organisasjonane i sjømatnæringa for å diskutere korleis kvaliteten på norske sjømatprodukt kan bli enda betre. I tillegg er det eit mål om å nå berekraftsmåla for klima og mattryggleik og redusere matsvinnet. Nærings- og fiskeridepartementet ønsker seg difor konkrete innspel på kva ein kan gjere for auke kvaliteten på sjømaten frå hav til bord.
Dette er eit mål både fiskeriministeren og næringa deler, og innan fiskerinæringa har både auka bevisstgjering og ny teknologi ført kvaliteten rette vegen dei siste åra.
- Det er levert ei rekke nye fartøy både i kyst- og havfiskeflåten. Desse fartøya har gjennomgåande større kapasitet til fangsthandtering enn tidlegare, og det har kome fleire nye løysingar for å auke kvaliteten på fisken. Fleire av dei som produserer sløyd og hovudkappa fisk, har tatt i bruk elektrobedøverar for å redusere risikoen for feilkapping. Fabrikkane om bord i båtane har også blitt betre med utstyr for å sikre raskare bløgging/sløying og betre utbløding i tillegg til raskare innfrysing, seier Maråk.
Fleire reiarlag har også innført eigne kvalitetsklasser på fangsten og for den delen av flåten som produserer filetar om bord er det også utarbeida ein eigen kvalitetsstandard.
I den pelagiske flåten har utviklinga blant anna gått i retning av større kapasitet til nedkjøling av fisken. Fartøyutforming, og større friheit til å utforme fartøy med tanke på kvalitet og miljø er også viktige faktorar for å sikre god kvalitet. Maråk viser til at også tilgang til andre lands soner kan virke inn på kvaliteten, fordi det bidrar til eit meir rasjonelt fiske.
Handlar om kompetanse og haldningar
Han understrekar at kvalitet ikkje berre har samanheng med tekniske løysingar, men at det først og fremst handlar om kompetanse og haldningar blant mannskapet som handterer fangsten.
- Det lottbaserte avlønningssystemet legg godt til rette for å stimulere både reiarlag og mannskap til å fokusere på kvalitet, men det føreset også at fiskarane opplever å oppnå ein meirverdi for varer av høgste kvalitet, seier Maråk.
Kvalitet var også eit sentralt tema på eit medlemsmøte som Fiskebåt nyleg hadde for snøkrabbeflåten. Snøkrabbe er et "High-end produkt" som blir levert til kravstore og godt betalande marknader. No vil Fiskebåt ta initiativ til å få laga ein kvalitetsrettleiar saman med Råfisklaget og bransjeaktørane. På møtet kom det også informasjon om at krabbe som blir landa levande for produksjon på land, eller blir eksportert levande, truleg har dei største utfordringane på kvalitet som følgje av lav mottakskapasitet.
Fryst råstoff gir heilårs arbeidsplassar
Maråk meiner det er viktig at ein finn fram til ei felles oppfatning om kvalitetsnivået til dei forskjellige fartøygruppene, før ein går vidare med dette arbeidet.
- Sjølv om vi oppfattar at kvaliteten på råstoffet gjennomgåande er høg, så har vi ingen motforestillingar mot at det blir gjennomført ei kartlegging av kvaliteten. Så må tiltak eventuelt vurderast for dei produktkategoriane der det viser seg å vere et potensiale for å bli betre. Vi saknar også ei meir nyansert haldning til kor vidt ein bør satse på fryst eller ferskt råstoff. Fryst råstoff gir grunnlag for heilårs aktivitet og heilårlege arbeidsplassar, seier Maråk.