This is some text inside of a div block.
Det blir mandag kveld leita etter ein sakna person som har falle over bord frå ein fiskebåt i Barentshavet. Søket har endra fase til søk etter truleg omkomen person.

Hovudredningssentralen fekk melding om kl. 19:05 om at eit mannskapsmedlem hadde falle over bord frå eit fiskefartøy i Barentshavet. Det blei sett i gang søk etter vedkomande, blant anna med nærliggande fiskefartøy og eit kystvaktfartøy.

Vel eit par timar seinare blei søket endra til søk etter truleg omkomen person. Dette blei gjort i samråd med medisinske rådgivarar og skipperen om bord i det aktuelle fartøyet. Årsaka er at det er svært liten sjanse for å kunne overleve over lengre tid under dei gitte forholda.

Nyheter
No items found.