Frå torsdag neste veke blir det innført marine verneområde i ei rekke stader i skotske farvatn. Norske fiskarar kan bli ramma.
Dei marine verneområda vil tre i kraft med verknad frå torsdag 16. oktober. Graden av vern er omfattande, men varierande og skotske styresmakter har tatt omsyn til innspel får fiskerinæringa.
Blant ann har Fiskebåt uttalt i den skotske høyringa at nye tiltak for marint vern bør basere seg på kunnskapar, og sikre at dei faktisk vil betre forholda og produktiviteten til havøkosystema.
Norske fiskarar kan bli ramma av dei nye verneområda som er foreslått. Dette gjeld særleg trålfiske etter blåkveite og linefiske etter lange og brosme.
Fartøy som brukar botnberørande reiskapar blri oppmoda om å undersøke informasjonen i Guidance document.
Ved spesifikke spørsmål, bør ein ta kontakt med FMC i Skottland.
Les også;
Fiskebåt om skotske verneområde
Her kan du lese heile høyringssvaret til Fiskebåt