This is some text inside of a div block.

For fem år sidan måtte Lisbeth Sandtorv (48) ta over reiarlaget og ringnotfartøyet Brennholm. Då var det lite hjelp i at ho er utdanna sosionom, lege og har ein doktorgrad på CV-en.

- Eg opplevde det som nokså dramatisk og det er ikkje nødvendigvis så lett å forklare kvifor det blei slik, men no er det her eg er - som dagleg leiar for ringnotfartøyet Brennholm, seier Lisbeth Sandtorv.

No vil ho saman med Fiskebåt arrangere kurs for å gjere overgangen litt enklare for dei som av ein eller anna grunn hoppar litt brått inn i fiskerinæringa.

Lisbeth Sandtorv. Foto: Fana fotostudio.

- Eg har alltid søkt tryggleik gjennom utdanning og yrkesval, men så blei eg brått kasta ut ei ny verd med mange fagfelt som eg ikkje kjende til, seier Sandtorv.

Ho har to eldre søstre og utdanna seg først til sosionom. Etter å ha jobba nokre år i barnevernstenesta skifta ho beite og starta på medisinstudiet og utdanna seg til lege. Deretter blei det doktorgrad ved Haukeland Universitetssjukehus med disputas i 2018. Men i 2020 kom vegskillet. Faren som då fylte 75 gikk ut av fiskerimanntalet, og reiarlaget måtte enten selgast eller så måtte ei av døtrene ta over.

- Far hadde eit sterkt ønske om at båt og reiarlag framleis skulle vere i familien. Og då måtte ei av oss døtrene bryte med den karrierevegen vi hadde valt. Eg var vandt med å tileigne meg kunnskap og kompetanse gjennom å ta fag. Her var det ikkje noko fag eg kunne ta for å gi meg svar på det eg lurte på. Samtidig er det veldig mange fagfelt ein fiskebåtreiar må ha kjennskap til, fortel Sandtorv.

Ingen utdanning for fiskebåtreiarar

Ein kan ikkje site på skulebenken i tre eller fem år, og så bli ferdig utdanna fiskebåtreiar.

- Eg har lært mykje av andre i reiarlaget, ikkje minst av mannskapet som er på sjøen, men det å drive eit reiarlag krev innsikt i mange fagfelt. Du må ha kunnskap om økonomi, leiing, personalansvar, fiskeripolitikk, internasjonale avtalar, lover og reguleringar, og ikkje minst må ein ha god kjennskap til naturen, og korleis ein skal utøve sjølve fisket, seier Sandtorv.

Introduksjonskurs

Saman med Susanne Giske og Nina Rasmussen i Fiskebåt, vil ho no starte eit introduksjonskurs som tar for seg sentrale tema ein bør ha kjennskap til når ein skal jobbe i leiinga i eit fiskebåtreiarlag.

- Kursopplegget er under planlegging, men målgruppa er i hovudsak dei som er nye i næringa og ikkje har så mykje praktisk erfaring frå fiskeri. Kurset vil i stor grad vere praktisk retta, sjølv om det også må bli ein del teori, seier Susanne Giske.

Ifølge Giske blir det lagt opp til både digitale møte, men også fysiske samlingar der deltakarane kan utveksle erfaringar med kvarandre.

- Vi vil også legge vekt på det sosiale og nettverksbygging. For dei som er nye i rolla kan det vere viktig å treffe andre i same situasjon, seier Giske.

Spent på interessa

Ho håpar at første kurssamling kan bli i løpet av året, og er spent på interessa for eit slikt kurs.

- Det er truleg fleire der ute som er i liknande situasjon som den Lisbeth Sandtorv hamna i, og dermed kan få stor nytte av eit slikt kurs. Vi er godt i gang med å kartlegge kva for tema som er mest relevante å ta tak i, seier Giske.

Sandtorv har funne seg godt til rette i si nye rolle, sjølv om ho enno ikkje har fått prøvd seg på sjøen, men det blir forhpentlegvis etter kvart.

- Ja, eg har veldig lyst til å sjå korleis arbeidet fungerer i praksis om bord, men så langt har eg ikkje fått kvardagskabalen til å gå opp, seier Sandtorv.

Nyheter
No items found.