Fiskebåt er uroa over praksisen som er etablert om å la kablar og røyrleidningar ligge igjen etter at drifta på olje- og gassinstallasjonane er avvikla.
Problemstillinga er generell, men blir no løfta fram i ei høying til Aker BP i samband med avvikling av Oda-feltet. Dette feltet ligg langt sør i den norske delen av Nordsjøen, og har vore i drift sidan 2019.
Ifølge regelverket er det opp til operatør å foreslå beste løysing for avvikling av drifta. Dette gjeld også der det er snakk om å legge att røyr og kablar på havbotnen. Einaste kravet er at røyr og kablar skal etterlatast nedgravd eller tildekt, og skal vere reingjort. I tillegg skal endane dekkast over.
Ikkje godt nok
Dette er likevel ikkje godt nok, skriv Fiskebåt i høyringssvaret. Etterlatne røyr og kablar kan føre til problem for fiske, og då særleg for botnreiskapar som trål. I konsekvensutgreiinga blir det konkludert med at røyr og kablar vil ligge stabilt overdekt inntil dei blir brote ned, men det føreligg ingen dokumentasjon på at dette faktisk vil skje. Ifølge konsekvensutgreiinga går det også fram at det kan ta over tusen år før materiala er brote heilt ned.
Krav
Fiskebåt meiner at norske styresmakter må vurdere problemstillinga i eit større perspektiv, og stille relevante krav til operatørane slik at ein sikrar både det marine miljøet og fiskerinæringa.